Tilsyn i særskilde brannobjekt

Brann- og redningsvesenet sine tilsyn med særskilde brannobjekt er eit av fleire verkemiddel for å førebyggja brann.

Tilsyn særskilt brannobjekt Siv Kristin Hovland, Bergen brannvesen

Særskilde brannobjekt vert definert som «byggverk, opplag, områder, tunneler, virksomheter m.m. hvor brann kan medføre tap av mange liv eller store skader på helse, miljø eller materielle verdier». Dette står beskrive i brann- og eksplosjonsvernlova § 13.

Brann- og redningsvesenet skal ut frå eigne risikovurderingar avgjere kva verksemder som høyrer til i denne kategorien, med utgangspunkt i veiledar utarbeida av direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Dette kan eksempelvis vera skular, barnehagar, idrettshallar, forsamlingslokale, institusjonar, bustadkompleks, serverings- og overnattingsstader, industriverksemder, næringsbygg eller viktige kulturhistoriske bygningar og anlegg.

Alle som vert registrert som særskilde brannobjekt får melding om dette.

Brann- og redningsvesenet går tilsyn i særskilde brannobjekt. Tilsyna kan vera både varsla og ikkje varsla. Normalt sett vil dei vera varsla på førehand.

Under tilsyn kontrollerer brann- og redningsvesenet at bygget eller området er tilstrekkeleg sikra mot brann. Det betyr at ein kan kontrollere alle forhold som er av betydning for branntryggleiken (bygningsmessige, tekniske, utstyrsmessige og organisatoriske brannsikringstiltak). Ein ser også på forhold som vil vera av betydning for sløkke- og redningsinnsats ved ein eventuell brann.

Brann- og redningsvesenet utarbeider ein rapport etter at tilsynet er utført. Om det er avvik som må rettast opp kjem det fram i rapporten. Rapporten vert send til eigar og/eller brukar av bygget/området.