Kva tilbyr me?
Koordinator er ein tenesteytar som skal sikre nødvendig oppfylging og samordning av tenestetilbodet til brukar og eventuelt næraste pårørande. Den skal og sikre framdrift i arbeidet med individuell plan. Koordinatoren vert oppnemnd i forbindelse med individuell plan, men den skal og bli tilbydd om brukar takkar nei til individuell plan.
Individuell plan (IP) er eit koordineringsverktøy og eit planleggingsdokument som skal lagast i samarbeid mellom brukar, og eventuelt næraste pårørande, og tenesteytarane. Brukaren sine mål, ressursar og heilskaplege behov for tenester skal danne grunnlag for val og prioritering av tiltak i planen.
Kva kostar det?
Tenesta er gratis.
Slik søkjer du
Eit ynskje om koordinator/ IP kan fremjast både munnleg og skriftleg av brukar over 16 år/ foreldre eller den som samtykker på vegne av brukar.
Digitale skjema er under utarbeiding. Inntil vidare ber med deg ta munnleg kontakt med Tenestekontoret.
Lover og reglar
Helse- og omsorgtjenesteloven § 7-2
Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5
Barnevernsloven § 15-9
Sosialtjenesteloven § 28 (+ § 33)
Nav-loven § 15
Den individuelle planen gjev ikkje større rett til helse- og omsorgstenester enn det som følgjer av reglar som gjeld elles.
Klage
Dersom du får avslag på søknaden din, vil me grunngje dette i svaret. I svaret vil du få informasjon om korleis du klagar og klagefrist. Følg denne lenka til Klage på helse og omsorgstenester