Klage på helse og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • vedtaket du har fått
  • innhaldet på tenesta du har fått
  • helsepersonell som utfører tenesta

Klage på vedtaket

Dersom du har fått avslag på ei helseteneste du meiner du har rett på, kan du klage.

  • Fristen for å klage er 4 veker frå mottatt vedtak.
  • Klagen må vera skriftleg, begrunna og underskriven.
  • Tenestekontoret kan hjelpe deg med å utforma klagen.
  • Klagen skal sendast til Tenestekontoret som gjennomgår vedtaket på nytt. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klagen sendt vidare til Statsforvaltaren i Vestland for endeleg avgjerdsle.

Klage på innhaldet i tenesta

Dersom du er misnøgd med ei helseteneste du mottar, bør du kontakte næraste leiar for tenesta, munnleg eller skriftleg. Mottakar av klagen må vidare undersøkje saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok.

Fører ikkje klagen fram, må du sjølv sende ein skriftleg klage til Statsforvaltaren i Vestland som gjer ei vurdering av saka. Les meir her om klagegangen hjå Statsforvaltaren.

Får du medhald i klagen, kan Statsforvaltaren opprette ei tilsynssak. Vert det avdekka feil må desse rettast. Får du ikkje medhald hjå Statsforvaltaren, kan du klage til Sivilombudet.

Klage på helsepersonell

Du har rett til å klage dersom helsepersonell

  • Gjev manglande eller feil informasjon
  • Bryt teieplikta
  • Brukar ulovleg tvang

Då kontaktar du i fyrste omgang næraste leiar til helsepersonalet. Pasient- og brukarrettigheitslova §2-1a, § 2-1b og § 7.2 skal sikra at alle får nødvendige helsetenester, og at dei er av forsvarleg kvalitet.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no