Leigetakarkurs

Kvam herad har laga eit digitalt leigetakarkurs, tidlegare kjent som nøkkelkurs.

Kurset skal gjennomførast av den/dei som ansvaret for treninga / arrangementet. Denne personen må og vera tilgjengeleg på heile treninga. Den ansvarlege må og vera over 18 år. Nøkkelkortet er personleg og skal ikkje lånast ut.

Leigetakarkurset tek mellom anna for seg ansvar, pliktar, ordensreglar, branninstruks mv.

Slik går du fram for å gjennomføra kurset

Me gjer merksam på at det kan gå noko tid frå du gjev melding og til nøkkelbrikka di er klar. Det er derfor viktig at du tar kurset og gjev melding i god tid før oppstart av trening / i samband med arrangement.

Dersom du manglar nøkkelbrikke tek du kontakt på e-post leige@kvam.kommune.no eller telefon 5655 3000. Nøkkelkortet får du gratis av Kvam herad, men mister du kortet må du rekna med eit gebyr for å få ut nytt kort. VIKTIG: Du må også gje melding om mista kort til leige@kvam.kommune.no, slik at kortet kan stengast.