Fysioterapeutar med kommunalt driftstilskot

Kva tilbyr me?

Fysioterapeutar med driftstilskot frå kommunen er ein del av helsetenesta i kommunen. Fysioterapeutane gjev tilbod til alle aldersgrupper. Ergo- og fysioterapitenesta arbeidar etter felles prioriteringar.

Fysioterapeutane gjev tilbod om undersøking, opptrening, behandling og tiltak til dei med m.a.:

  • muskel- og skjelettlidingar
  • opptrening etter skade, sjukdom eller funksjonstap
  • kirurgiske operasjonar som påverkar rørsleapparatet
  • kroniske sjukdomar
  • psykosomatiske lidingar
  • psykiatriske sjukdomar
  • delta i samarbeidsmøter

Tilbodet vert gjeve individuelt og i gruppe.

På institutta er det fleire med spesialitetar. Desse er tatt med i oversikten på kvart institutt.

 

Kva kostar det?

For fysioterapeutar med driftstilskot: Helfo gjev full stønad for dei som er under 16 år og dei med yrkesskade. For alle andre gjev Helfo berre delvis stønad, og du må betale eigenandel til du eventuelt kjem opp i eigenandelstak 2.

Fysioterapeutar utan driftstilskot: Helfo gjev ikkje stønad her. Dei fastset sjølv prisen for behandlinga.

Slik søkjer du

Du kan ta direkte kontakt med den einskilde fysioterapeut for timebestilling. Du treng ikkje rekvisisjon frå lege.

Lover og reglar

Klage

For meir informasjon sjå her.

 

Institutt med kommunalt driftstilskot

Strandebarm fysioterapi:
Opningstider: alle kvardagar
Hallgeir Aase: 957 46 036
epost: hallgeir.aase@kvam.kommune.no
Adresse: Postboks 11, 5631 Strandebarm
Besøksadresse: Strandebarmtunet, 2 høgd.

Norheimsund fysioterapi:
Opningstider: alle kvardagar
Ann Katrin Øktner: 911 73 578
epost: annokt@kvam.kommune.no
Adresse: PB 86, 5601 Norheimsund
Besøksadresse: Sandvenvegen 18 A, 5600 Norheimsund

Hardanger fysioterapi:
Opningstider: alle kvardagar
Telefon: 56 55 14 23
Andrè Ellingsen: 901 63 335
epost: andre.ellingsen@gmail.com

Inger Randi Dahl: 906 01 807
epost: inger.randi.dahl@gmail.com

Erlend Andrè Ellingsen: 481 02 645
epost: erlell@kvam.kommune.no

Adresse: Postboks 188, 5602 Norheimsund
Besøksadresse: Sandvenvegen 18 A, 5600 Norheimsund

Hardangerbadet fysioterapi:
Opningstider: alle kvardagar
Telefon: 56 55 48 77
Evelyn Lygre Ljones: 941 97 437
Tove Fjell: 941 97 437
Vikar Ruth Fjose Steinstø: mandag, tysdag og fredag.
Adresse: Hardangerfjordvegen 615, 5610 Øystese
Besøksadresse: Hardangerfjordvegen 615

Ålvik fysioterapi:

 

Opningstider: mandag, onsdag, fredag
Einar Opsanger: 957 60 310
epost:einar.opsanger@kvam.kommune.no
Adresse: Trånavegen 91, 5614 Ålvik
Besøksadresse: Sjukestova