Informasjon ved beredskapshendingar

Uynskte hendingar medfører stort sett alltid eit behov for informasjon. Dette behovet vert forsøkt dekka gjennom tilgjengeleg informasjon, uavhengig av om informasjonen er sakleg/usakleg eller korrekt/ukorrekt. Dersom det ikkje er tilgang til tilstrekkeleg sakleg og korrekt informasjon, vil det derfor verta skapt rykte og informasjon basert på personlege opplevingar, følelsar og anna.

Av denne grunn har Kvam herad ein eigen Informasjons- og kommunikasjonsplan for krisehendingar. Her er målet å:

  • Sikre intern og ekstern informasjonsflyt
  • Bidra til å skape tryggleik og redusere unødig frykt og angst
  • Redusera og avgrensa psykiske og fysiske skader og konsekvensar
  • Hindre rykte og feilinformasjon
  • Rettleie og gi råd til råka partar
  • Styrke tilliten til kommunen og ta vare på kommunen sitt omdøme

Informasjonskanalane ved krisehendingar er i hovudsak dei same som elles:

  • Telefon - svartenester ved servicetorget 56 55 30 00
  • Internett - kommunen sine ordinære nettstad www.kvam.kommune.no
  • Kvam herad sine sider på Facebook

Ved spesielle høve kan det verta sendt ut SMS-varsling eller talemelding i deler av kommunen. Her opplever kommunen at enkelte ikkje mottar varsel som dei skulle hatt. Årsaka er at varselet tek utgangspunkt i eigedomsregisteret, og at feil person eller telefonnummer kan stå oppført i registra. Kvam herad ber deg derfor sjekke om du er registert med rett telefonnummer ved å trykke HER.

Ved lengre straumbrot og utfall av mobil- og telenett, kan det verta naudsynt å oppretta eigne informasjonssenter/kontaktpunkt der publikum kan koma i kontakt med kommunen eller helsetenesta. Desse kontaktpunkta vil i så fall verta etablert i tilknyting til Pensjonisten i Ålvik, Øysteseheimen i Øystese, Toloheimen i Norheimsund og Strandebarmsheimen i Strandebarm.

Ut over dette kan det verta gjennomført dør til dør-aksjonar, oppslag på informasjonstavler og informasjonsmøter på ulike stadar i kommunen.