Pendlarkontor Kvam herad

I Kvam Kan Huset i Øystese, har me no to tilgjengelege pendlarkontor.

bilde av julepynta pendlarkontor i Øystese - Klikk for stort bilete

 

Velkomen til eit kontorfelleskap

To kontorplassar i Kvam Kan huset, Øystese

Fasilitetar som: 

  • Kontorpult og stol
  • Stor dataskjerm, tastatur og datamus inkludert kablar
  • Tilgang på felles møterom og lunsjrom
  • Kaffi og te

For kven

Utflytta kvemmingar eller andre som kan tenkja seg å arbeida i eit felleskap medan dei er i Kvam.

Bestill ein dag eller fem den perioden du måtte trenge det. Kalenderen lar deg bestille i god tid i forkant, sjå bestillingslenke under.

I periodar det er ledig kapasitet kan tilsette i heradet nytta kontora.
Tilsette kan ikkje forhåndsreservera kontorplass, men bestille plass same dag, ein dag i gongen.

Studentar kan ikkje reservere kontorplass på pendlarkontora, dykk oppmodar me å nytta Kvam bibliotek.

Reserver kontorplass her!

For å leige plass på kontoret klikkar du deg inn på lenka her

Her finn du kalender som gjev oversikt over ledige dagar.
Vel alternativ Pendlarkontor 1 eller Pendlarkontor 2. (sjå brukarrettleiar i FAQ lista under ved behov.)

Leige av kontor er kostnadsfritt. 

Ein kan reservera kontorplass opp til 5 dagar i gongen. Maks 20 dagar i året.

 

 

 

 

Ofte stilte spørsmål pendlarkontor

 

For eventuelle spørsmål ta kontakt med sjef for samfunn næring og kultur, Jon Nedkvitne.
E-post: JONE@kvam.kommune.no Tlf. 979 53 274

Me set også pris på tilbakemeldingar kring tilbodet - om du skulle ha det.
På forhånd takk!