Tilrettelegging i barnehagen for barn med nedsett funksjonsevne §37 i barnehagelova

Barn med behov for tilrettelegging som går i barnehage skal motta eit rikt, variert, stimulerande og utfordrande miljø, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsnivå, sosial og kulturell bakgrunn.
 

Dersom barnehagen meiner at eit barn har nedsett funksjonevne, og har behov for tilrettelegging for å kunne gjera seg nytte av det ordinære barnehagetilbodet, må foreldra informerast om rettigheten, og barnehagen kan samarbeida med foreldra i utforming av melding om behov. 

Dette inneber at kvart enkelt barn skal få eit tilpassa og likeverdig tilbud. Barn med nedsett funksjonsevne skal på lik linje med andre barn ha høve til til å delta i barnehagen. Kommunen som barnehagemynde si plikt til tilrettelegging gjeld tiltak som er nødvendig for at barnet skal få utbytte av barnehageplassen. Dette gjeld både private og kommunale barnehagar.

Tilrettelegginga er eit praktisk tiltak som skal sikra barn med nedsett funksjonsevne får eit tilpassa og likeverdig barnehagetilbod. Det vil sei tiltak som kan byggja ned funksjonshemmande barrierer og som fell utanfor barnehagen si tilretteleggingsplikt.

§37 i barnehagelova:

«Kommunen skal sikra at barn med nedsatt funksjonsevne får et eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod. …det skal særleg leggjast vekt på tilrettelegginga si effekt for å byggja ned funksjonshemmande barrierer, dei nødvendige kostnadene ved tilrettelegginga og virksomheten sine ressursar. Kommunen fattar vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsatt funksjonsevne»

«Eksempel på tilrettelegging kan vera at kommunen sørger for at barnehagen har det nødvendige utstyret, støtte til bygningsmessige endringar, støtte til ekstra bemanning eller andre tiltak. …» 

Vedtaksmynde:

Kommunen som barnehagemynde skal gjera ei konkret og individuell vurdering med grunngjeving, og fatta vedtak om tilrettelegging av barnehagetilbodet til barn med nedsett funksjonsevne etter barnehagelova § 37.

Alle innkomne meldingar om behov vert vurdert individuelt, skjønnsmessig og i tråd med barnehagelova. Barnehagemynde skal gjera ei heilskapsvurdering av behova til barnet og ta stilling til om barnet har nedsett funksjonsevne i den aktuelle barnehagen.

I vurdering må kommunen på bakgrunn av innsende behov, ta stilling til, vurdera og grunngje:

  1. Om barnet har nedsett funksjonsevne
  2. I kva grad barnet kan hjelpast innanfor ordinært barnehagetilbod
  3. I kva situasjonar treng barnet ekstra hjelp og tilrettelegging.

Kvam herad har ei plikt på seg til å sikra at meldinga er tilstrekkeleg opplyst og ved behov kan barnehagemynde innhenta ytterlegare informasjon frå barnehagen og andre aktuelle instansar. 

Plikt til tilrettelegging omfattar ikkje tiltak som inneber ei uforholdsmessig byrde for kommunen. Dersom individuell tilrettelegging i den barnehagen der barnet går/skal begynna i vert ei uforholdmessig byrde kan kommunen tilby barnet plass i ein annan barnehage.

Rutiner for tilrettelegging i barnehage etter barnehagelova § 37

Saksgang:

  • Styrar i barnehagen kan ilag med foreldra gje ei skriftleg melding av behov for tilrettelegging kring einskildbarn.
  • Eige meldingsskjema med vedlegg skal nyttast, og relevant dokumentasjon bør liggja ved skriftleg melding om behov. Skjemaet kan lastast ned i Word-format her: Melding om behov for tilrettelegging i barnehagen.
  • Meldinga skal sendast til: Kvam Herad v/barnehagemynde, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
  • Kommunen som barnehagemynde skal gjera ei konkret og individuell vurdering i kvart enkelt tilfelle, og fatta eit grunngjeve enkeltvedtak i tråd med forvaltningslova. Vedtaket vert sendt til foreldra med kopi til barnehagen. Vedtaket gjeld for ein avgrensa periode.

Dersom tildelte tiltak/ressursar til tilrettelegging ikkje vert brukt i tråd med tildelinga kan dei blir krevd tilbake.

Klageadgang

Vedtak om tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage, er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova og kan klagast på. Ved ei eventuell klage skal det gå tydeleg fram kva det blir klaga på.

Klagen skal vera underskriven og sendast: Kvam herad v/barnehagemynde, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund innan 3 veker etter motteke vedtak. Dersom klagaren ikkje får medhald vert klagen sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Føresette har rett på veiledning og innsyn i alle dokument i saka, med mindre det er dokument i saka som i lov eller forskrift er unnateke innsyn frå partane jfr. forvaltningslova § 1.
 

Trude Femsteinevik
E-post
Telefon 56 55 34 70
Inga Lill Jensen Tolo
Leiar for barnehage og skule
E-post
Telefon 56 55 30 58