Retten til eit godt og trygt skulemiljø.

Å oppleva fellesskap og kjenna seg inkludert er eit grunnleggjande behov, og viktig for born og unge si utvikling, læring og trivsel. Kvammaskulen skal leggja til rette og tilpassa skulekvardagen og opplæringa slik at kvar og ein kjenner seg sett, respektert og får oppleva meistring og læring

Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø. Dette framgår også av opplæringslova §9a. Alle vaksne som oppheldt seg på skulen, og som ser at born ikkje har det trygt og godt på skulen, skal melda frå til rektor. 

Aktivitetsplikta inneber at tilsette i skulen har ei plikt til å følgja med, gripa inn og varsla skuleleiinga. Både tilsette, elevar og foreldre kan melda inn ei sak. 

Elevar, foreldre og andre kan ta kontakt med skulen direkte, eller trykkja på knappen for å melda frå om problem i skulemiljøet som ein finn på alle skulane sine nettsider. Ein kan også få opp det same skjemaet via lenkjene under:

Kva skjer når det vert avdekka at ein elev opplever skulemiljøet som utrygt?

Når det vert avdekka at ein elev opplever at skulemiljøet ikkje er trygt og godt, skal skulen undersøka saka. Så langt det finst eigna tiltak, skal skulen sørgja for at eleven får eit trygt og godt skulemiljø. Skulen skal òg lage ein skriftleg aktivitetsplan over tiltaka.

Meir informasjon om dette, og om korleis skulane i Kvam arbeider for å ivareta elevane sin rett til ein trygg og god skulekvardag finn du i ein eigen plan

Klage til Statsforvaltaren

Dersom ein elev ikkje har eit trygt og godt skolemiljø, kan eleven eller foreldra melde saka til Statsforvaltaren (tidlegare Fylkesmannnen), etter at saka er teken opp med rektor.

Når ei sak vert meldt til Statsforvaltaren, skal Statsforvaltaren vurdera om skulen har oppfylt aktivitetsplikta etter opplæringslova. Skulen og skuleeigaren skal då leggja fram alle opplysningar som Statsforvaltaren meiner må til for å kunna greia ut saka. Statsforvaltaren skal også syta for at involverte elevar blir høyrde. Kva som er best for elevane, skal vera eit grunnleggjande omsyn i Statsforvaltaren si sakshandsaming.