Områdeplan for Øystese sentrum

Kvam herad ønsker at Øystese vert vidareutvikla til eit attraktivt, trygt og velfungerande sentrum. Dette skal gjerast gjennom å framheva og foredla staden sin identitet og gode kvalitetar. Det skal leggjast til rette for god folkehelse, god trivnad, næringsutvikling og verdiskaping til beste for heile kommunen og Hardangerregionen.

Bakgrunn

Gjeldande sentrumsplan i Øystese er frå 1991, men i dei seinare åra er det godkjent fleire reguleringsplanar for enkelttomter og mindre delareal. Det er difor stort behov for å få på plass ein ny overordna sentrumsplan som sørgjer for gjennomgåande strukturar og sikrar felleskvalitetar. 

Føremålet med områdeplanen er å leggja til rette for heilskapleg og langsiktig utvikling av sentrum. Det er ønskeleg å disponera areal slik at private investorar og offentlege aktørar finn det interessant å delta i utvikling og bygging av sentrum for å skapa arbeidsplassar og aktivitet. Det er ønskeleg å dyrka fram det lokale og unike for bygda og området, og det er ønskeleg å utvikla ein levande stad som er trygg, inkluderande og tilrettelagt for møte mellom menneske. 

Oppdatert kunnskap om verknadane av klimaendringar og FN sine 17 berekraftsmål gjer at ein har fått ny kunnskap og nye føringar for by- og tettstadsutvikling og samfunnstryggleik. Det skal mellom anna leggjast meir vekt på samordna areal- og transportplanlegging, og fleire skal kunne ha kort avstand til ulike gjeremål. 

Hovudtema

Det er definert 4 hovudtema som planarbeidet skal finna gode løysingar for.  Det er:

  • Trafikk og mobilitet
  • Offentlege område
  • Øysteseelva og blågrøne strukturar
  • Sentrumsutvikling, næring og fortetting

Inn under desse hovudtema er det spesifisert fleire konkrete areal og prosjekt som planen skal finna løysingar for.  Dette kan lesast meir om i det politiske vedtekne planprogrammet. (PDF, 12 MB)

Status november 2022

ABO plan og arkitektur AS er engasjert av kommunen for å utarbeida plandokument.  Dei er godt igang med arbeidet, og har mellom anna skissert både overordna vegsystem og moglegheitsstudiar for idrettsanlegg i Busdalen og for ny sjøfront.  Skissene vart vist fram på folkemøte i Øystese 31. august 2021, og kan sjåst i ABO sin presentasjon frå møtet (PDF, 12 MB).  Det som ventar no framover er å få på plass ei kartlegging av aktuelle flaumsikringstiltak av Øysteseelva.  Når denne kartlegginga er på plass kan plandokumenta for områdeplanen ferdigstillast og takast opp til politisk handsaming.  Deretter vert planen sendt ut på høyring til myndigheiter, grunneigarar, organisasjonar og lokalsamfunnet generelt.

 

Private initiativ 

 

Masterplan for Øystese

Parallelt med Kvam herad sitt arbeid med områdeplan har lokale krefter på eige initativ utarbeidd "Masterplan for Øystese 2060."  Bak masterplanen står Øystese utvikling AS som vart stifta i februar 2022. Masterplanen tek for seg mange forslag til utbyggingar, tiltak og idèar for å auka attraktiviteten til Øystese. 

Kvam herad vurderer Masterplanen som eit innspel til arbeidet med områdeplan.  Når kommuneplanen sin arealdel i framtida skal rullerast vil og masterplanen vere relevant som innspelsdokument.  Heile masterplanen kan lesast her.

Artikkelliste