Alkoholpolitiske retningsliner for Kvam 2020-2024

Dei alkoholpolitiske retningslinene for Kvam er vedteken av Heradsstyret 16. juni 2020. Retningslinene er gjeldande fram til året etter at nytt heradsstyre er vald (ca. til juni 2024).

Retningslinene tek for seg sals- og skjenketider i Kvam, kriteria for einskildhøver, vaktkrav, gebyr og anna. 

Les retningslinene. (PDF, 205 kB) Her er nokre av dei grunnleggjande reglane i Kvam:

Løyveperioden

Sals- og skjenkeløyver kan gis for inntil 4 år av gangen, men aldri lenger enn til neste kommunestyreperiode. Det vert også gjeve løyve for tidsavgrensa periodar, mellom anna for einskilde høve for eksempel ein revy, dans og pub på eit ungdomshus. 

Skjenke- og salstider

  • Skjenking av gruppe 1 og 2 (drikke med 2,5% til 21% t.d. øl og vin) er mellom kl. 12.00- 02.00. I særskilde tilfelle kan skjenking starte kl. 09.00. Sjå kven dette gjeld i retningslinene. 
  • Skjenking av gruppe 3 (drikke med 22% til 60% brennevin) er mellom kl. 13.00- 00.30. 
  • Dei same skjenketidane gjeld også om det er gjeve løyve for utandørs skjenking. 
  • Sal av alkoholhaldig drikke opp til 4,7% (og eventuellt utvida løyve opp til 22%) er mellom kl. 08.00 - 20.00 på kvardagar, og til kl. 18.00 på laurdagar og dagar før heiligdagar. 

Særskilde reglar for einskilde høve

Det vart berre tildelt skjenkeløyve for alkoholhaldig drikk mellom 2,5% til 21% (øl og vin) for einskildhøve. Vidare er det eit krav om at skjenkestyrar og stedfortredar skal ha gjennomførd skjenkekurs i regi av heradet eller bestått kunnskapsprøven. Same kravet gjeld for minst 1/3 av mannskapet som skal vere involvert i skjenkinga (t.d. vaktar og barpersonell). Det må vere 18 års aldersgrense til skjenkelokalet. 

Nils Anders Bolstad
Kontrollør
E-post
Telefon 99 52 51 20
Mobil 99 52 51 20