Badeplassar

Kvam herad er medlem av og samarbeider  med Bergen- og omegn friluftsråd, samt dei lokale grendeutvala om drift og forvaltning av badeplassane i kommunen.

Ynskjer du å bada i Kvam, har du mange og gode moglegheiter i heile kommunen.

Sjå også: Bergen og omland friluftsråd si oversikt over dei fleste badeplassane i Kvam.

Kvitanes/Bersestrondi  

Ligg i Ålvik langs med Fv-7.  Ikkje parkering.  Svaberg utan tilrettelegging.  Fortøyningsboltar.

Tyrvefjøro/Auganesstrondi

Ligg i Ålvik langs med Fv-7.  God parkering.  Sandstrand med fleire bord og benkar.  Toalettbygg 

Laupsafjøro i Øystese

Ligg langs med Fv-7. God parkering.  Fin sandstrand.  Godt egna for born. 

Skårsvatnet / Gullfiskvatnet

Ligg langs med Fv-131.  Raste og badeplass i mellom Øystese og Fyksesundet.  Fine svaberg og badeflåte.  Toalett og moglegheiter for grilling.  Gullvederbuk i vatnet som vert vitja av turistar og andre tilreisande.

Kvamsøy

Kun tilgjengeleg med båt.  Kai og ei lita hamn på sørsida.  Godt egna for telting. 

Øystese sentrum 

Ligg midt i Øystese sentrum.  Fin sandstrand som er godt egna for born.  Toalett.  Gode moglegheiter for parkering.  Tilgjengeleg med buss, sykkel og for gåande.  Vert drifta av Kvam herad.

Lunhaug  

Ligg  langs med Fv-7, imellom Øystese og Norheimsund.  Tilrettelagt med bord og benkar.  Parkering.  Tilgjengeleg med buss, sykkel og for gåande i frå både Øystese og Norheimsund.

Holmsund

Ligg vel 2 km i frå Norheimsund sentrum, langs med Fv-7.  Fint for born.  Tilrettelagt med bord, benkar og grill. Tilgjengeleg med buss, sykkel og for gåande.  Ny gang- og sykkelveg til området.  Universelt utforma.

Sandvenholmen

 Ligg i innseglinga til Norheimsund.  Kun tilgjengeleg med båt.  Små fine sandstrender.  Egna for telting.

Norheimsund sentrum. 

Ligg midt i Norheimsund sentrum.  Fin sandstrand som er godt egna for born.  Toalett.  Tilrettelagt med bord og benkar.  Gode moglegheiter for parkering.  Tilgjengeleg med buss, sykkel og for gåande.  Vert drifta av Kvam herad.  Universelt utforma.

Vikøyevjo. 

Ligg langs med Fv-7.  Fin sandstrand som er godt egna for born.  Baderampe.  Toalett.   Troskykkje. Tilrettelagt med bord og benkar.  Gode moglegheiter for parkering.  Tilgjengeleg med buss, sykkel og for gåande. 

Ståvik (Fredsvik).  

Ligg like ved sentrum i Tørvikbygd. Fin sandstrand som er godt egna for born.  Store grassletter som er godt egna til soling og ballspel.  Stupebrett.  Relativt gode moglegheiter for parkering.  Tilgjengeleg til fots og med sykkel. 

Ljonesvågen. 

Ligg inst i Ljonesvågen.  Fine svaberg og badefjøra.  Badeflåte og stupebrett.  Tilrettelagt med bord og benkar.  Parkering. Toalett. 

Ploganes. 

Ligg like ved sentrum i Strandebarm.  Fine svaberg.  Tilrettelagt med stupetårn, bord og benkar.  Parkeringsplass.  Tilgjengeleg til fots og med sykkel.

Tangeråsneset. 

Ligg like ved idrettsparken og skulen i Strandebarm.  Tilrettelagt med stiar, benkar, bord, bålplassar og grillhytte.  Universelt utforma rampe.  Parkering. Tilgjengeleg til fots og med sykkel.

Svanholm. 

Holme ved Tangerås.  Kun tilgjengeleg med båt.  Fint område med kai.  

Skjæring. 

Ligg omlag to km aust for Oma.  Parkering.  Best egna til fisking.  Mogleg å bada.

Småholmane. 

Like ved sentrum på Oma.  Ligg like ved Fv-7.  Både svaberg og fine badeviker.  Langgrunnt og godt egna for born.  Stupebrett og toalett.  Liten parkeringsplass.

Dysvikholmen. 

Kun tilgjengeleg med båt.  Området er ikkje mykje brukt til bading.

Kart