Kommunedelplan for næring og kompetanse 2015-2023

Kvam heradsstyre vedtok juni 2013 planprogrammet for ny kommunedelplan for næring og kompetanse.  Kommunedelplanen vart vedteken 24. mars 2015.

Bakgrunnsmateriale

Telemarksforskning laga i 2013 ein rapport om næringsutvikling og attraktivitet for Kvam. 

Telemarksforskning: Analyse av næringsutvikling,
attraktivitet og innovasjon
 (TF 48/2013).

Samandraget av rapporten viser at Kvam har hatt ein nedgang i talet på arbeidsplasser dei siste 10 åra, medan resten av landet har hatt ein kraftig vekst. Nedgangen har ramma basisnæringane i Kvam, særleg industri og landbruk.

Telemarksforskning peikar på at hovudårsaka til nedgangen er at Kvam har hatt ein uheldig næringsstruktur, med store deler av næringslivet i bransjar med nedgang. Trass i dette har Kvam herad hatt ein befolkningsutvikling som er betre enn forventa ut i frå arbeidsplassutviklinga og Telemarksforskning slår dermed fast at Kvam herad er ein attraktiv kommune å bu i.

 

Kommunedelplan for næring og kompetanse 2015-2023 - rapport - Telemarksforskning (PDF, 2 MB)