Brannvesenet har lokal tilhøyrsle og utøver den viktigaste tekniske fyrstelineinnsatsen i redningstenesta. Oppgåvene til brannvesenet følgjer av lova og lokale og /eller regionale risiko- og sårbarheitsanalysar.
Organisering
Kvam brann- og redningsvesen vert leia av brannsjef, som og fungerer som avdelingsleiar for beredskapen i heradet. Varabrannsjefen fungerer som avdelingsleiar for førebyggjande oppgåver.
Det er til ei kvar tid ein vakthavande brannsjef som ivaretar brannsjefen sine myndigheiter ved innsats utført av brann- og redningsvesenet, det som i lova er kalla overordna vakt. Vakthavande brannsjef leiar også innsatsen ved operative hendingar, det som i lova er kalla innsatsleiar brann. Det er 4 personar som deler på denne oppgåva.
Brannførebyggjande oppgåver, inkludert feiing og tilsyn
Det brannførebyggjande arbeid vert leia av avdelingsleiar for førebyggjande oppgåver. Mellom anna feiing og tilsyn ligg under denne avdelinga. I mange år har Kvam herad hatt oppgåvene for feiing og tilsyn ute på konkurranse der firmaet Vestnorske Feiertjenester AS har utført dette på oppdrag for heradet i over 20 år. Frå 1. juni 2023 skal heradet utføre feiing og tilsyn på eiga hand. I det høvet er det tilsett 2 brannførebyggarar (tidlegare kalla feiar) for å ivareta denne oppgåva.
Beredskap
For å møte lovbestemte krav til dimensjonering, har Kvam herad brannstasjon i Norheimsund og på Oma. I tillegg har kommunen avtale med industrivernet til Elkem Bjølvefossen AS som har stasjon i Ålvik. Brannmannskapet som er knytt til stasjonen i Norheimsund inngår i ei dreiande vaktordning med vakt kvar 4. veke, medan mannskapet knytt til stasjonane på Oma og i Ålvik er organisert som deltidspersonell utan fast vaktordning.
Bemanningsordninga og plasseringa av stasjonar sikrar at minimum 5 personar inklusiv innsatsleiar/vakthavande brannsjef vil vera i arbeid på skadestaden innanfor dei innsatsfristar som lova føreset.
Bilete frå øving i overflateredning på vinteren