Førebudd på krise?

Er du budd på ein krisesituasjon? Tenk over kva for fårer og ulukker som kan råka deg heime, og bu deg best mogleg. Dersom straumen vert vekke eller du vert isolert av været i fleire dagar, bør du vera rusta til  klara deg sjølv i minst tre døgn. 

Døme på eigenberedskapslager. DSB

Ver førebudd

Dei fleste av oss er avhengige av straum i kvardagen, til oppvarming, lys, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uvêr, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føra til at mange mister til dømes straum eller vatn, og at det kan verta vanskelegare å få tak på naudsynte varer. Sjansen er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Då bør du vera budd. Med eit lite reservelager av det du treng mest - vatn, mat, medisinar og varmekjelder -  er du betre rusta til å klara deg sjølv nokre dagar.

Vurder risiko og sårbarheit i heimen din

Direktoratet for samfunnstryggleik og vernebuing (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, DSB) rår til at du tenkjer gjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kunne ha fått og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenga di hjelp og korleis du kan bidra. Dersom du har utstyr du planlegg å nytta i ein naudsituasjon, ver kjend med korleis det vert nytta, og syt for at det virker.

Ditt eige vernebuingslager

Direktorat for samfunnssikkerhet og beredskap tilrår til at du har ditt eige naudlager, med:

  • 9 liter vatn per person
  • to pakkar knekkebrød per person
  • ein pakke havregryn per person
  • tre boksar middagshermetikk eller tre posar tørrmat per person
  • tre boksar med pålegg som heldt seg godt lenge per person
  • nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • medisinar du er avhengig av
  • ved-, gass eller parafinovn til oppvarming
  • grill eller kokeapparat som går på gass
  • stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe
  • fyrstikker eller lighter
  • varme klede, pledd og sovepose
  • fyrstehjelpspakke
  • batteridriven DAB-radio
  • batteri, batteribank og mobilladar til bilen
  • våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • tørke-/toalettpapir
  • litt kontantar
  • ekstra drivstoff og ved/gass/parafin/raudsprit til oppvarming og matlaging
  • jodtablettar (til bruk ved atomhendingar) dersom du er under 40 år, gravid, ammande eller har born som bur heima (Les meir på dsa.no)

Sjå også Raudekrossen sine råd om vernebuing og les DSB sin brosjyre om eigenberedskap.  Du kan også bla gjennom denne brosjyren nedanfor (dersom nettlesaren din stør visning av PDF-filer).