Kalhagen

Kalhagen (gruppe 4 i Norheimsund) er eit bufellesskap med heildøgns omsorg for personar med psykisk utviklingshemming.

  • 4 bustader

Kalhagen ligg sentralt på Nedre Norheim i Norheimsund. Bebuarane har ulike behov for tilrettelegging og støtte frå fagpersonar. Dei får tenester etter enkeltvedtak.

Kalhagen er base for personell som yt hjelp til personar i frittliggjande bustader, og som klarer seg med bistand frå heimetenesta.

Tilbod

  • felles måltid i fellesrom
  • hjelp til å koma seg på arbeid
  • hjelp til å koma seg på dagsenter
  • ulike aktivitetar