Arrangement- og prosjektstøtte

Føremålet med tilskotsordninga er å støtta kulturlivet i Kvam, gje innbyggjarane varierte kulturopplevingar og gje økonomisk tilskot til frivillige lag og organisasjonar for å gjennomføra kulturtiltak i Kvam innanfor retningslinene. Kvam herad vil stimulera til at barn og unge er aktive deltakarar i prosjekt. Alle prosjekt må gjennomførast i Kvam herad og vera opne for alle.

Kven kan søkja:

  • Frivillige lag/organisasjonar innan kulturfeltet i Kvam kan søkja tilskot til kulturtiltak i Kvam. Privatpersonar med organisasjonsnummer kan søkja nokon ordningar
  • Andre ikkjekommersielle aktørar som samarbeider med lokalt frivillig kulturliv og prosjekt som involverer barn og unge i Kvam kan søkja tilskot til samarbeidsprosjekt
  • Kommersielle aktørar, interesseorganisasjonar og fylkeskommunale/kommunale institusjonar kjem ikkje inn under ordninga

Det kan søkjast tilskot frå desse tilskotsordningane:

  • Underskotsgaranti til konsertar, utstillingar, teaterframsyningar osv. Gjeld for frivillige lag/organisasjonar (med organisasjonsnummer ) i Kvam herad, og arrangement i Kvam
  • Prosjektstøtte til gjennomføring av tidsavgrensa og lokalt forankra kulturtiltak ( ikkje innkjøp av utstyr, administrasjon, mat, lukka arrangement/medlemsaktivitetar eller dugnad). Det vert ikkje gitt tilskot til tiltak/prosjekt i regi av fylkeskommunale eller kommunale institusjonar eller kommersielle aktørar. Oppstartstilskot kan gjevast til kulturrelaterte tiltak.
  • Utgjeving av lokalhistoriske bøker. Privatpersonar kan søkja
  • Utgjeving av cd/musikk. Privatpersonar kan søkja

Ordninga omfattar prosjekt og tiltak som ikkje inngår i frivillige organisasjonar si ordinære drift.  

 

Søknadsskjema/-frist

Søknad kan sendast heile året. Søknadsfrist er 1 månad før tiltaket/arrangementet skal gjennomførast.

Søknadsskjema er elektronisk

Arrangement

 

Rapportering

Tilskot vert utbetalt etter innsendt rapportering, seinast 2 månader etter tiltaket er gjennomført. Her finn du rapportskjema

Ved tilskot til lokalhistoriske bøker og cd-ar, må 2 eksemplar sendast Kvam herad før tilskotet vert utbetalt. Bøker og cd-ar vert samla i lokalhistorisk arkiv.

Anna

Arrangement/prosjekt som mottek kommunalt tilskot til må akseptera ledsagarbevis/følgjekort.

Ein kan forventa svar innan 1 månad etter innsendt søknad.

Tilbakebetaling: Dersom prosjektet vert avlyst eller vesentleg endra, kan heile eller deler av tilskotet verta krevd tilbakebetalt. Beløpet vert innkrevd gjennom varsel og faktura frå Kvam herad.

 

 

 

Mary Ann Sørheim
Kulturkonsulent og kinosjef
E-post
Telefon 56 55 69 06