Økonomisk støtte til private vegar

No er det mogleg å søke om økonomisk støtte til oppretting av veglag og vedlikehald av nyleg privatiserte vegar.

Foto av veg i Kvam - Klikk for stort bilete

Frist for søknaden er den 15. desember 2023.

I tråd med Kvam heradsstyre sitt vedtak frå 3. oktober 2023, vert det no opna for å søke om støtte til oppretting av vedlikehald av tidlegare kommunale vegar som vart privatisert den 15.2.2022.

I tillegg gjeld stønadsordninga for dei tre vegstrekka:

  • til Gartveitvegen 19 m.fl.
  • til Vetletveitvegen 69 m.fl.
  • til Fitjadalsvegen 30 m.fl.

Send inn søknad ved å nytte lenka under:

Lenke til søknadsskjema