Privat eller offentleg veg?

Her finn du informasjon om forskjellen på privat og offentleg veg, og om private vegar med kommunen som grunneigar.

Offentleg eller privat veg

Offentlege vegar er vegar som er opne for allmen ferdsle og som vert halde ved like av stat, fylkeskommune eller kommune etter reglane i veglova kapittel IV. Andre vegar er etter veglova å sjå på som private vegar. Det gjeld også dersom kommunen skulle gje støtte til drift og / eller vedlikehald av vegen. 

Dei offentlege vegane bind vegstrukturen saman i lengre løp, medan dei private vegane i all hovudsak har tyding for lokale brukarar og utgjer ei lokal vegløysing. Private vegar vert ikkje vedlikehalde av myndigheitene, men kan likevel vera opne for almenn ferdsel. 

Når vegen er kommunal ligg også forvaltningsmyndet til kommunen. Det inneber at kommunen har rett til handheving av lovbestemte byggjegrenser, avkjørselsregulering, osv. 

Veglova kapittel VII har reglar for private vegar. Det er desse som i utgangspunktet gjeld for spørsmål om vedlikehald. Nokre av reglane i lova kan fråvikast gjennom avtale, eller kan vera sett til til sides gjennom reglar sett i samband med jordskifte. 

Vedlikehald av privat veg

På private vegar skal dei som nyttar seg av vegen betala for vedlikehaldet. Det vil i hovudsak seia dei som har bustader eller hytter langs vegen, og det er også desse som normalt vil utgjera eit veglag for vegen. Vedlikehaldet kan inkludera hollapping, snømåking, strøing, oppgradering, grøfting m.m. Korleis kostnader skal fordelast, og korleis arbeidet skal organiserast, må brukarane vurdera sjølv, anten med utgangspunkt i veglova eller i privat avtale. 

For meir informasjon sjå: Veglag, kva er det og korleis lagar me eitt?

Private vegar med kommunen som grunneigar 

I grunnboka kan du sjå kven som er grunneigar. Det stemmer ikkje alltid overeins med kven som er mynde eller kven som har ansvar for vedlikehald av veg etter reglane i veglova. Kommunale vegar kan ha private grunneigarar, og kommunen kan også vera grunneigar for privat veg. 

Det finst vegar som til dømes gjev tilgang til kommunale anlegg (t.d. pumpestasjonar) og som kommunen difor held fram med å vintervedlikehalda, sjølv om vegen er privat. Dette inneber likevel ikkje at kommunen overtek veglaget sitt ansvar, og heller ikkje at vegen vert å sjå på som kommunale veg. Private vegar som vert brøyta på ein slik bakgrunn vil verta lågt prioritert, og ut frå kommunen sine behov. Det kan til dømes innebera at vegen ikkje blir brøyta i full breidde. Dersom det er behov for vedlikehald utover det kommune gjer, må dette takast opp mellom brukarane i veglaget.