Private veglag: kva er det og korleis lager me eitt?

Under finn du litt informasjon om kva eit veglag er, og om korleis de går fram for å oppretta eitt? 

Oppretting av veglag

Det kan oppstå usemje rundt praktiske avgjersler som gjeld drift av private vegar. Alle som har plikt til å delta i vedlikehald og utbetring etter veglova § 54 utgjer eit veglag. Medlemskapet i veglaget er bunde, og du kan ikkje melda deg ut utan også å måtta slutta å bruka vegen. Dersom grunneigar ikkje er brukar av vegen er grunneigar heller ikkje del av veglaget.

Veglova § 55 har reglar om organisasjonsform og styringsorgan til vegfellesskapen. Det er veglaget som forvaltar den daglege drifta, tildeler nye bruksrettar og gjev nærare reglar for bruksretten til dei eksisterande brukarane. Veglaget møtest i utgangspunktet ein gong i året. Dersom det er større veglag med fleire brukarar kan det vera høvande å velja eit styre. I så fall er det veglaget som fastset kva fullmakter styret har. 

Avgjersler om vegane vert som hovudregel fatta som fleirtalsvedtak i veglaget, der kvart medlem i veglaget har ei røyst. Sjå huseierne.no for meir informasjon. Dei har også framlegg til vedtekter for eit veglag.

Kostnader til drift og vedlikehald av vegen

Det vil vera arbeid som må gjerast i samband med ein privat veg. Det vert då eit spørsmål om korleis kostnader skal fordelast. Det kan vera regulert gjennom avtale. Dersom det ikkje ligg føre ei avtale gjeld reglane i veglova §54. Etter lova er det kvar eigar, brukar eller den som har bruksrett som skal dekkja felleskostnadene. Det er med andre ord ikkje berre grunneigarar eller dei som har vegrett som vert omfatta av vedlikehaldsplikta. Det vil gjelda dei som faktisk nyttar vegen. 

Kvar brukar skal ifølgje lova dekkja sin del av bruken. Det inneber at kostnadene i utgangspunktet skal fordelast mellom brukarane etter same høvetal som den enkelte sin faktisk bruk. Her kan ein tenkja seg at det vil vera ein skilnad mellom bruken til ein eigar av ein fritidsbustad og til ein eigar av ein vanleg bustad langs vegen. Om du er grunneigar, eigar av vegen eller berre har bruksrett til vegen, eventuelt ein kombinasjon, er ikkje avgjerande etter lova. Ein grunneigar som ikkje bruker vegen vil ikkje vera forplikta til å bidra til vegvedlikehaldet.

Dersom veglaget er avhengig av eksterne entreprenørar, til dømes for brøyting, vert det tilrådd å inngå ei avtale med entreprenør i god tid, slik at praktisk bistand er på plass, til dømes for vinteren og før behovet for brøyting melder seg.

Høvesmessig kostnadsfordeling etter bruk

Lova løyser ikkje spørsmålet om kostnadsfordelinga meir konkret enn ved å visa til «same høvetal som gjeld for den bruk han gjer». Det beste er difor at partane kjem fram til ei avtale som regulerer fordeling av kostnader. Her må konkrete og lokale omstende sjåast på og vurderast. 

For at ikkje avtalene skal verta unødig kompliserte vert det rådd til at kvar husstand utgjer ei brukseining, uavhengig av kor mange personar eller bilar som høyrer til husstanden, og med likedeling av kostnadene. Unntak kan tenkjast for små veglag, der det kan vera naturleg å gjera justeringar som følgje av at ein husstand til dømes leiger ut ein sokkeletasje eller har næringsverksemd som medfører auka trafikk. 

Utanfor tettbygde strøk, der det er fleire kilometer med privat veg og spreidd busetnad, kan det vera praktisk å avtala leddvis vedlikehaldsplikt. Det vil seia at kostnadene vert fordelt etter kor langt stykke av vegen kvar brukar nyttar seg av, slik at den som har kortast veg til sin eigedom betaler minst, og motsett.