Transporttenesta for funksjonshemma (TT-kort)

Personar med nedsett funksjonsevne kan i Hordaland få støtte til fritidsreiser med drosje med TT-kort. 

Kven kan søkje om å bli godkjent som brukar?

  • Ordninga gjeld personar over 10 år som er fast busett i Hordaland og som på grunn av sjukdom eller funksjonshemming ikkje kan nytte buss.
  • Rullestolbrukarar og blinde/sterkt svaksynte er prioriterte i ordninga, men andre med nedsett mobilitet kan og søkje.
  • Funksjonsnedsettinga må venteleg vare i minst 2 år.

Kva kan du søkje om?

Du kan søkje om fritidsreiser med drosje eller spesialbil (bil utstyrt for transport av rullestolbrukarar).

Korleis søkjer du?

Søknaden består av to skjema: Søknadsskjema og legeerklæring. Du fyller sjølv ut søknadsskjema. Det er viktig at du grunngjev kvifor du ikkje kan nytte offentleg transport. Legeerklæringa skal fyllast ut og underteiknast av lege. Begge skjema må vere fylt ut før søknaden blir handsama. Send skjema samla til fylkeskommunen:

Hordaland fylkeskommune
Samferdselsavdelinga
Postboks 7900
5020 Bergen

Du finn dei naudsynte skjemaa på nettsidene til Hordaland fylkeskommune.

Kven behandlar søknaden?

Det er fylkesdirektøren for samferdsel som gjer vedtak i saka, på grunnlag av ei tilråding frå den fylkeskommunale legenemnda. Du vil få melding om vedtak i saka så snart den er ferdig behandla. Får du avslag kan du klage til den fylkeskommunale klagenemnda.

Du kan lesa meir om ordninga på hordaland.no.