Kommunal næringsforvaltning og konsesjonskraft

Kraft

Kvam herad sel heimfallskraft og konsesjonskraft via kraftforvalter. Salgsinntekter og utgifter til kraftsal ligg på dette tenesteområdet.

Kvam herad disponerer årleg ei kraftmengde på 167,5 GWh, av dette er 106,6 GWh heimfallskraft og 60,9 GWh konsesjonskraft. Kraftmengda gjev Kvam herad ei vesentleg ekstra inntekt som ein middels stor kraftkommune. 

Den vert forvalta etter månedsblokk-modellen, som gjev oss eit fast volum kvar månad, både for konsesjonskraft og heimfallskraft. Kvam herad sin uttaksprofil ser sånn ut i Mwh:

Volumet er størst om vinteren, når forbruket er høgast. Denne produksjonsprofilen er fast, og det er dermed kva salspris kommunen oppnår som er hovudvariabelen for kva inntekt me får. Sjølv om volumet er fast innanfor ein månad, har den som sel krafta på vegne av kommunen fleksibilitet til å selja volumet innanfor kva tid på døgnet prisen er høgast og inngå fastprisavtalar i kortare eller lengre periodar. Strategi for sal av kraft som kraftforvaltar skal forhalda seg til, vert vedteke av heradsstyret i eiga sak. 

Tilrettelegging og stønad for næringslivet

Innafor funksjonen 325 ligg og ansvar for prosjektarbeid, reiseliv og turistveg, tilflytting, internasjonalt arbeid m.m. Kommunen mottek og om lag 4,4 mnok i konsesjonsavgift som vert sett av på eit næringsfond. Det kan søkjast om midlar via portalen «Regional forvaltning». Fondet kan brukast til ulike næringstiltak.

Kontoret er og førstelinje for søknader til Innovasjon Norge og sakshandsamar saker etter jord- og konsesjonslova. Det er og mange fråsegner om konsesjonsfritak som skal registrerast.

Landbruksforvaltning og landbruksbasert næringsutvikling

Landbrukskontoret i Kvam tek seg av saker innanfor landbruksforvaltninga

Det vart leigd inn kompetanse på skog og utmark frå landbrukskontoret i Ullensvang.  Dette er no i ferd med å verta avslutta.

Landbruksforvaltninga organiserer veterinærvakt som vert refundert av staten.