Melde frå om bekymring

Barnevernet skal hjelpa dei barna som har ein spesielt krevande og utfordrande livssituasjon. For at barnevernet skal kunne gje hjelp til dei barna som treng det, er vi heilt avhengig av at alle tar ansvar og melder fra om sin bekymring for barn.

Du kan nytte vedlagte skjema for å skrive ei bekymringsmelding.

Barneverntenesta oppmodar til at du tek kontakt for å melde frå om din bekymring. Du kan få rettleiing om korleis du kan gå fram når du vil melde frå skriftleg (offentleg tilsett) eller du kan skildre bekymringa per telefon (privatperson).

Melding til barnevernstenesta kan formidlast skriftleg eller munnleg. Melding kan gjevast av familien, barnet sjølv eller andre privatpersonar. Offentleg tilsette har plikt til, og utan hinder av teieplikt, å gje opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at barn lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling. Offentleg tilsette skal levere ei skriftleg melding, og om mogleg (unntak ved vold og overgrep) informere føresette om meldinga til barnevernet.

Ei melding til barnevernstenesta vert gjennomgått innan 1 veke. Det skal konkluderast anten med at meldinga vert lagt bort eller at forholda rundt barnet skal undersøkjast nærare.

Slik kan du melde frå om din bekymring

Ta kontakt med barneverntenesta pr. telefon, skriv eit brev eller fyll ut eit skjema nedanfor.

Følgjande informasjon vil barneverntenesta ha behov for:

  • Kva er meldar bekymra for?
  • Kva konkrete forhold har meldaren observert? Når?
  • Har barnet fortalt noko? Kva og når?
  • Har meldaren tatt opp forholdet med føresette eller andre?
  • Kva rolle har meldar overfor barnet og/eller dei føresette?

Følgjande informasjon har du rett på når du melder frå om bekymring:

  • Ved formidling av bekymring pr. telefon skal du få lest opp kva som har blitt notert. Dette skal godkjennast av deg som meldar.
  • Du kan få informasjon om barnevernet sitt lovgrunnlag og framgongsmåtar ved handsaming av bekymringsmelding.

Du kan fylle ut eit skjema og sende til barneverntenesta:

Privat meldar:

Offentleg meldar:  

Kva skjer etter du har meldt frå om bekymring?

Barneverntenesta skal behandle bekymringsmeldingar innan ei veke.  Det vert tatt avgjerd om det skal setjast i verk ei kartlegging av forholda rundt barnet eller om meldinga skal henleggast. Alle kan få tilbakemelding om meldinga er mottatt. Offentlege instansar kan få tilbakemelding

Barneverntenesta skal gjennomføra kartlegginga innan 3 månader. Det vert tatt avgjerd om det skal setjast i verk tiltak eller om saka skal avsluttast utan tiltak.