Spesialpedagogisk hjelp

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) gjev foreldre og tilsette i barnehage råd og rettleiing om utvikling, opplæring, trivsel og tilpassing.

PPT kartlegg, gjev råd og er sakkunnig instans i spørsmål om barnet sitt behov for spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning (0 -16 år). PPT er også sakkunnig for vaksne med behov for spesialundervisning på området grunnskule.

Korleis få hjelp frå PPT?

Om de som foreldre treng hjelp frå PPT, kan de ta direkte kontakt med oss eller gjennom barnehagen barnet går i. Det er ynskjeleg at de tek  kontakt med barnehagen først, men dette er ikkje eit krav. 

For barnehagen

PPT kan gje råd og rettleiing til barnehagar om barn som ikkje er tilviste til oss, etter at føresette har samtykka til det. De kan også be om rettleiing i spesialpedagogisk team/støtteteam anonymt. 

Barnehagen kan ta direkte kontakt med PPT, for rettleiing, førespurnad om kurs og systemarbeid, eller i enkeltsaker om de har fått samtykke til det. 

For at PPT skal gjennomføra kartlegging/sakkunnig vurdering, må barnet vera tilvist PPT på eige tilvisingsskjema. Pedagogisk rapport skal alltid fyllast ut og leggjast ved tilvisingsskjema. 

For tilsette: Sjå også informasjon i Compilo.

Skjema i Word-format:

Skjema i PDF-format:

Tilvising til PPT, systemarbeid

PPT i Kvam herad har eige organisasjonsnummer: 975319091