Grønt hytteliv

Eit samarbeidsprosjekt med Eidfjord, Voss, Bergen og fylkeskommunen som har som føremål å fremja ein grønare tilnærming til hyttelivet. 

Rapporten framhevar ei rekkje tiltak som kan bidra til dette, mellom anna fortetting, avgrensing av utbygging og reduksjon av transportbehovet.

Kvamskogen hytteområde - Klikk for stort bilete Torjan Haaland

________________

 

Rapporten er utarbeidd på oppdrag frå Bergen kommune, Eidfjord kommune, Kvam herad, Voss herad og Vestland fylkeskommune. Arbeidet er finansiert med midlar frå Klimasats-ordninga til Miljødirektoratet og eigeninnsats frå kommunane. 

Bilkøyring til hytta setter stort klimafotavtrykk

Totalt er klimafotavtrykket frå bruken av eksisterande fritidsbustader rekna til over 12 000 tonn CO2-ekvivalentar årleg (CO2e/år) i gjennomsnitt over dei neste 60 åra. Til samanlikning er dei direkte klimagassutsleppa i Voss, Eidfjord og Kvam om lag 140 000 tonn CO2e/år i 2021 (ekskludert utslepp frå industri, olje og gass). 

 

Grønt hytteliv på Vestlandet - Klikk for stort bilete

Transport står for 58 % av utsleppa frå eksisterande fritidsbustader og energibruk for 35 %. Andre utslepp er knytt til vedlikehald av bygg og veg, og desse er anslått å vera rundt 5 % samla.

 

Det gjennomsnittlege klimafotavtrykket per fritidsbustad per år varierer mellom hytteområda. Kvamskogen har lågast fotavtrykk med ca. 1,2 tonn CO2e/år per fritidsbustad medan Sysendalen og Myrkdalen har høgast fotavtrykk med ca. 2 tonn CO2e/år per fritidsbustad. Ei viktig årsak til det lågare klimafotavtrykket til hyttelivet i Kvam, er at mange av hytteeigarane her har kortare reiseveg til hytta enn dei med hytte i Voss herad eller Eidfjord kommune.

 

Klimagassutsleppa skjer på ulike stadium i livsløpet til fritidsbustaden (sett til 60 år) og varierer ut frå bruksdøgn, byggjeår, hyttestorleik, transportdistanse og om det er ei frittliggjande hytte eller leilegheitsbygg. I og med at transport er den største bidragsytaren til klimagassutsleppa er det talet på bruksdøgn og avstanden frå heimen som er dei viktigaste faktorane for utslepp.

 

Færre nye hytter har størst klimaeffekt

Asplan Viak har også rekna på klimagassutsleppa frå utbygging og bruk av regulerte fritidsbustader som enno ikkje er utbygde. Desse klimagassutrekningane inneheld mellom anna utslepp knytt til bygg- og anleggsfasen, til dømes produksjon av materialar og utslepp frå arealbruksendringar.

fargeboks med tekst og illustrasjonar om tiltak frå rapporten - Klikk for stort bilete

For dei nye fritidsbustadane står transport framleis for dei største utsleppa i eit 60-års perspektiv, men med «berre» 34 % av totalen. Materialbruk knytt til infrastruktur (VA og veg) står for 23 %, materialbruk knytt til sjølve bygget står for 19 %, energi for 18 % og arealbruk for 7 %.

 

Dersom alle 554 regulerte fritidsbustader i Kvam herad hadde vorte bygd samtidig, ville det forårsaka eit klimagassutslepp på over 42.000 CO2e i bygg- og anleggsfasen, i tillegg til eit årleg utslepp på 600 CO2e frå transport og energi.

 

Tiltak som reduserer klimagassutsleppa

Rapporten frå Asplan Viak peikar på at tiltaka som har størst effekt på klimagassutsleppa er dei som kan bidra til at det vert bygt færre hytter. Ein restriktiv praksis for regulering av nye fritidsbustader vil vera nødvendig for å få dette til. Større grad av deling og meir bruk av eksisterande fritidsbustader vil også bidra positivt. Det nest beste ein kan gjera med omsyn til klimafotavtrykket er å byggja om/oppgradera eksisterande hytter framfor å byggja nye.

 

Dersom det likevel skal byggjast heilt nye fritidsbustader må dette skje med lågast mogleg utslepp. Spesielt vil ein del tiltak knytt til transport, som å fortetta rundt kollektivknutepunkt, kunna gje god klimaeffekt. Når slik fortetting ikkje er mogleg, vil det vera viktig at kvar hytte har forsiktig arealbruk. Å byggja off-grid hytter utan innlagt straum, VA og veg, og å byggja på pålar framfor betongsåle er viktige tiltak for å få til det.

faktaboks tilknytt grønt hytteliv rapport - Klikk for stort bilete

Samarbeid med andre hyttekommunar

Kvam herad held fram samarbeidet med Eidfjord kommune og Voss herad om å iverksetja tiltak som skal få ned klimagassutsleppa frå hytteutbygging og -bruk. Hyttekommunane har nær 800 000 kr til å gjennomføra tiltak innan sommaren 2024. Mange av tiltaka Asplan Viak føreslår har ingen prislapp, men kan implementerast gjennom rullering av kommuneplanen sin arealdel og andre prosessar i kommunen.  

____________

 

Den fullstendige rapporten finn du på denne lenka (PDF, 6 MB)