Kvam i historisk perspektiv

Denne teksten om Kvam i eit historisk perspektiv er henta frå kulturminneplanen for Kvam herad.

Naturgrunnlaget

«Ein hage ved fjorden», heiter det ein stad om Kvam. Edellauvskogen veks frodigare her enn nokon annan stad i landet, og klimaet er korkje for varmt eller for tørt om sommaren eller for kaldt om vinteren. Den langstrekte kommunen ligg vendt mot sør, med solrike lier under bratte berg.

Under istidene oppstod Fyksesund ved breane sitt møysommelege arbeid. Og gjennom fleire isfrie periodar fann elvane seg laup langs sprekker og forkastingar i berggrunnen, og skar tronge dalar som framleis pregar naturlandskapet i Kvam: Tokagjelet, Mundheimsdalen, Laupsadalen og fleire andre.

Mykje av det beste jordbrukslandet ligg ved fjorden i Strandebarm, Vikøy, Øystese og Tørvikbygd. Berggrunnen her består til dels av næringsrike og lettvitrande skifrar. Så vel det mjuke og lettsmuldrande fjellet som morenemassar frå istida gjev grunnlag for gardsdrift og fruktdyrking. Aust om Fyksesund vert fjellsidene brattare og jordsmonnet meir skrint. Den marine grensa, som inst i Steinsdalen er 84 m over havet, er øvre grense for det meste av busettinga i Kvam.

Kulturlandskap på Fykse Knut Markhus

Områda ut mot fjorden får tidleg vår og mykje sol, og har lang vekstsesong. Medan snøen enno dekker fjella på Kvamskogen i april, pryder kvitveisen skogbotnen i Strandebarm.

I fjellområda er nedbørsmengdene relativt store, og kjem i vest opp i meir enn 3400 mm i året. Det er desse nedbørsmengdene som vert utnytta av kraftverka i kommunen. Ved fjorden regnar det mindre, mellom 2100 og 2400 mm i eit vanleg år.

Gardane i Kvam ligg stort sett i tre «etasjar». Dei beste gardane finn ein ned mot stranda eller i den flate Steinsdalen. Bruk i hall som vender mot sør, sørvest eller søraust, har i regelen gode vilkår for fruktavl. Gardane i «andre etasje» ligg for det meste 80-200 m.o.h. På stader som ligg lunt til, har dei kunne dyrka salsfrukt på desse bruka og. Ikkje så få gardar ligg høgt til på Vestlandet å vera, om lag 300 m over havet.

Førhistoria

I tidene frå før me har skriftlege vitnemål, er arkeologiske funn den viktigaste historieforteljaren. Ein tommelfingerregel seier at Hordaland vart busett for omkring 10 000 år sidan, og først i kystområda. Dei eldste spor av menneskeleg aktivitet langs Hardangerfjorden er frå kring 7 000 f.Kr., utan at det betyr at det gjekk tusen år før dei som heldt seg ved kysten fann fram til våre strøk. Me har berre ikkje funne eldre spor så langt.

Det finst fysiske vitnemål frå eldre steinalder (10 000-4 000 år f.Kr) i Kvam. Ved Salthamaren i Vangdalsberget sette steinalderfolk merke etter seg for 6000 år sidan, eller noko før det. Helleristningane deira syner dyrefigurar, men berre to av dei er no fullstendige. Den eine tykkjest vera ein elg, den andre ein hjort. Her er også eit par menneskefigurar. Fleire tusen år seinare rissa bronsealderbønder inn skipsfigurar i same berga, men nærmare sjøen. Det er uvanleg å finna helleristningar frå heilt ulike tider i same berg. Salthamaren er såleis ei sjeldan historiebok.

Helleristning på Ytsheim i Vangdal Johs Bøe, 2017 UIB/CC BY-NC-ND 3.0

Eit anna interessant kulturminne frå eldre steinalder er helleristninga på Bjelkaneset. Biletet av ein hjort er synleg rett på oppsida av fylkesvegen. Det var truleg veidefolk som gjorde helleristningane både i Vangdal og på Bjelkaneset. Desse menneska levde av jakt, fangst og fiske og flytta seg frå plass til plass, der dei etterlet seg spor etter enkle bustader. Den vanlege tolkinga av veideristningar er at dei er eit uttrykk for magi i samband med jakt.

Inn i den yngre steinalderen (4 000-1800 f.Kr.) er biletet det same som i førre periode. Det er langt fleire arkeologiske funn på kysten enn innover Hardangerfjorden. Funna frå Kvam tyder på at livsgrunnlaget framleis bygde på fiske, fangst, jakt og sanking. Spreiinga av funn, stort sett av reiskaper av stein og flint, tyder likevel på at territoria låg tettare enn tidlegare, og me har funnkonsentrasjonar mellom anna ved Fyksesund/Kvamsøy og rundt Berge. Samstundes skjer det endringar i reiskapskulturen. Eit lausfunn av ei såkalla tjukknakka flintøks på Neteland i Steinsdalen gjev interessant informasjon. Ho er datert til 3300-2400 f.Kr., og høyrer eigentleg til innafor den sørskandinaviske jordbrukskulturen. Dette var før jordbrukskulturen fekk fotfeste i Kvam, men funnet er eit teikn på at dei som heldt til på Neteland hadde kontakt med jordbrukarar. Kan hende hadde dei også byrja å halda husdyr eller dyrka korn.

I hundreåra mellom 2400 og 1800 f.Kr. voks busetnaden langs Hardangerfjorden betydeleg, om ein baserer seg på funnmengda. No vart jordbrukstilhøva stadig meir avgjerande for kvar folk busette seg, og dei sette opp eigne bygningar og hadde åkerlappar der dei dyrka bygg. Funn frå bronsealderen viser at samfunnet har enda seg. I Vikedal ved Ålvik vart det tidleg på 1900-talet gjort eit stort funn av tre halsringar og smykkenåler av bronse, datert til 6-700 f.Kr. Slike funn, bortgøymde i mark og urd, vert kalla depotfunn. Me veit ikkje om dei skal tolkast som bortgøymde skattar eller som offer til guddomar og vette.

Langs Hardangerfjorden finst ei mengd gravrøyser av eit særmerkt slag. Dei er bygde av stein og vantar heilt jordfyll. Somme kan vera fleire meter høge og over 20 m i tverrmål. Ofte ligg dei på framskotne, høge knausar, tett ved fjorden, og verkar dominerande i landskapet, særleg sett frå sjøsida. Dei er fjordlandskapet sin parallell til kystrøysane, som der ute pregar landskapet langs leia. I Kvam vart røysane kalla «munkerøysar». På strekninga frå Ljones til Eidesvågen har det vore minst 25 stykke. Mange av dei finst framleis. Nokre av dei største ligg på Vikingnes, søraust for Ljonesvågen. Få funn er kjende frå fjordrøysane, men ved gransking av eit par stykke ved Straumasteinen, under Eide, vart det gjort funn frå yngre bronsealder. Andre har gjeve funn frå jernalderen.

I eldre jernalder, perioden frå 1-550 e.Kr., aukar funnmengda kraftig. Mange av gravhaugane i kommunen skriv seg frå desse århundra. Dei vitnar om at det no, om ikkje før, hadde vakse fram eit samfunn med gardar og bygder. Den store Kongshaugen eller Mundehaugen på Mundheim, som er 24 m i omkrins og 3 m høg. Han har vorte undersøkte i fleire omgangar og inneheldt fleire gravleggingar. Kongshaugen var tidlegare tilgrodd med vettetre (tre som ein meinte stod i samanheng med dei underjordiske), som bøndene på Mundheim haldt for heilage. Ein meinte at det var ein gamal «kong Monne» som låg i haugen. Andre haugar som har gjeve rikhaldige funn, finn me på gardane Byrkjeland, Øystese og Indre Ålvik.

Dei arkeologiske kjeldene viser at Mundheim og mange andre gardar i Kvam var rydda allereie i eldre jernalder, men det er vanskeleg å fastsetja tal på gardar. Her kan ein annan type kulturminne vera til hjelp: stadnamna. Desse kan gje informasjon om busetnadsmønsteret og om når gardane vart etablerte. Namn med ending på -vin- og -heim (Mundheim, Norheim, Sandven, Øystese osb.) reknar ein går tilbake til eldre jernalder eller enda tidlegare. Gardsnamn med namnelekkar som endar på -stad, -land, -tveit og -set(er) har me fleire av, og desse namna vart særskilt brukte i yngre jernalder, frå ca. 600 til 1000.

Utgraving av hustuft får eldre jernalder på Øvre Øystese Trond Eiliv Linge, 2017 UIB/CC BY-NC-ND 3.0

Det kan vera vanskeleg å få eit klart bilete av korleis menneska på denne tida levde, og kven dei var. Først når dei byrjar å ytra seg skriftleg, trer dei tydelegare fram. I 1950 vart den kjende Rosselandssteinen funnen. Han låg på det tidspunktet i ein låvemur på Rosseland. På eine sida står 25 runeteikn: ekwagigaRirilaRagilamudon. Steinen er datert til folkevandringstida (350-550 e.Kr.). Teksten kan lesast slik: «Eg, Wagigar, Agilamunda sin erilar». Sjølv om Wagigar var runemeister, var kvinna Agilamunda truleg høgare på rangstigen enn han. Erilar må være Wagigars «tittel», men ein veit ikkje sikkert kva den står for. Språkleg heng ordet saman med jarl og folkenavnet heruler. Det er sjeldan at innskriftene frå denne tida fortel om runemeistrar i teneste hos ei kvinne. I ein gravhaug i Tørkvikbygd viste to av sidehellene i eit stort gravkammer frå folkevandringstida å ha runeinnskrifter. Dei er vanskelege å tolke, men truleg står det landawarijaR – «han som vergar landet» den eine.

I seinare år har ein gjort fleire funn av busetnader frå jernalderen i Kvam. På Mikkjelsflaten i Øystese fann arkeologar frå Hordaland fylkeskommune spor etter hus, kokegroper osb., og ei utgraving på Øvre Øystese så seint som i 2014 avdekka både kokegroper og ein mur som kan ha vore del av eit temmeleg stort hus. På Tolo i Norheimsund kom det fram ei mannsgrav frå yngre jernalder året etter. Ho inneheldt sverd, spjot, fleire pilspissar, krokar og hekte av ulike slag, og reiskaper som ljå, sigd, kniv og bryne. Eit beisle tyder på at den gravlagde også hadde fått ein hest med seg i grava.

Fleire stader i Kvam finst dessutan kulturminne som viser at folk no også dreiv med næringar som ikkje var direkte knytt til jordbruket. Det gjeld til dømes nokre kolgroper ved Fitjadalsvatnet ovanfor Øystese, som vitnar om jernframstilling. Nokre av kleberuttaka i kommunen – som det såkalla «Grotholet» i Gravdal – kan likeeins gå heilt tilbake til slutten av jernalderen.

Mellomalderen

Ved overgangen mellom mellomalder og nytid såg forfattarane tilbake på hundreåra forut for deira eigen tid. Absalon Pederssøn Beyer skriver i sin Om Norgis Rige frå 1567, at «udi Hardanger brender man maadelig got salt, der vanker godt smør, fæ, lax, vildvare. Disse Hardanger have i fordom tid verit saa rige, mandelige oc duelige, at de have seglet til Grønland, Island, Bjarmeland, oc ført dit salt, jern oc andre gode varer, og have de havt der til store skib, som deris store naust, murede op med stene, nocksom tilkenne give».

Peder Claussøn Friis (Norriges Beskrivelse, 1613) fortel at det «i Hardanger er Querneberg og Helleberg, oc huggis her mange utallige Quernesteene, eller Møllesteene, som siden føres vijde om Landet, oc Hellerne, det er tyndhuggen Steene, bruger mand til at bage det tynde Brød Fladbrød paa, oc somme af samme Heller blifue hugne 2 Alne lange, oc 1 ½ alne brede, til at tørre Korn oc Haffre paa».

Dei to forfattarane dokumenterer at det mangesysleriet som var eit kjenneteikn på gardslivet i vårt område i nyare tid, også fanst i mellomalderen (1000-1550).

Men sjølv om saltbrenning, veiding og sjøvegs handel med jern og kvernsteinar var næringar som prega Hardanger, er det ingen tvil om at det var garden og gardsdrifta som sette rammene for det daglige livet for dei fleste menneske i Kvam, og at tunet var midtpunktet.

Gulatingslova reknar med at eit normalt gardsbruk skulle ha minst tre innhus: stova, buret (stabburet, som kalles «sta:bre» i Kvam) og eldhuset. I stova oppheldt ein seg, og der sov ein. Mellomalderkjeldene nemner ei stove på Vikøy alt i 1317, og noko seinare høyrer vi om stover på Håbrekke og Sandven. Røykstovene stod mange stader i Kvam til langt ut på 1800-talet, og einskilde stover eksisterer framleis. Eldst av dei er truleg stova på Drage, som er årringsdatert til kort tid etter 1523. Bortsett frå smie og eldhus, var røykstova den einaste bygningen som vart varma opp. Floren og sauefjøset var gjerne tømra slik som innhusa. Kyrne mjølka best i mørk flor, heitte det i Kvam. Løa var grindbygd, for ho skulle ikkje vere for tett, slik at høyet fekk tørka om det ikkje var heilt tørt før det kom i hus.

Vikøy prestegard Kvam herad

Det var vanleg å dyrka havre i Kvam, og folk meinte at klimaet i dei ytre delane av heradet ikkje eigna seg godt for bygg. Noko seinare, ut på 1700-talet, vert det fortalt at ein la vekt på husdyrhaldet, og at bøndene i Vikøy helst ikkje ville dyrka opp eng og slått, men heller ville ha mest mogleg beite og flest mogleg dyr, slik at dei kunne selja slaktekveg, smør og kjøt til Bergen, eller over vidda til Kongsberg. Det er kan hende denne spesialiseringa som ligg bak Absalon Pederssøn Beyer sitt utsegn om at «der vanker godt smør, fæ» i Hardanger, og at verksemda soleis er eldre enn t.d. etableringa av Kongsberg i 1624.

I mellomalderen viser kjeldene elles at det kunne vera store sosiale skilnader innanfor bygdesamfunna. Ein gard som Sandven var mellom dei aller største gardane i Hardanger, og fleire stader i Kvam finn me personar og slekter som må reknast til aristokratiet: Guttorm på Norheim, Peter den unge på Sandven, riddaren Ivar Sle på Oma og andre. Nokre satt på store rikdommar. I oktober 1341 var godset som høyrde til Margreta Torbergsdotter talt opp på Berge i Strandebarm. I tillegg til 120 mark «forngilde» i klede, husbunad og korn, 10 øre i gullsaker og 5 ½ mark i forgylte sølvsaker og 1 sølvskål til 12 øre – som representerte ein stor formue i seg sjølv, eigde ho til saman 30 månadsmatbol (eigentleg måleeining for jordstorleik, der ein månadsmatbol kunne gjeve mat for ein mann i ein månad) i gardar i Vikøy og Jondal, og ho fekk 8 månadsmatbol til av sin kommande ektemann, Ivar Erlingsson. I tillegg hadde ho eigedomar i Trøndelag. Berre dei årlege inntektene av jordegodset hennar i Vikøy og Jondal ville vere tilstrekkeleg til å fø to hushaldningar, og dei 120 mark «forngilde» i lausøyre svara til to årsinntekter for ein gjennomsnitts-aristokrat midt på 1300-talet. Ein gard på 9-10 månedsmatbol var på det tidspunktet rekna som ein «full» gard, og mange gardar var mindre enn det. Dei minste gardane i mellomalderen kunne vera sers små, og dei som budde der var nok avhengige av å arbeida for andre. Margreta på Berge og hennar like må med andre ord ha vore høgt heva over bygdesamfunnet.

Dei fyrste kyrkjene i Kvam var truleg komme på plass alt i byrjinga av mellomalderen, eller endatil i slutten av vikingtida. Stavkyrkjene frå mellomalderen er rivne både i Øystese, Vikøy og Strandebarm, men på dei to sistnemnte stadane står dagens kyrkjer meir eller mindre på same stad som deira forgjengarar. Kyrkja i Øystese vart derimot flytt på 1800-talet. Etter segna var det lokale kyrkjelandskapet annleis i Kvam enn no i mellomalderen. Restar av ei i kyrkje på Nanes skal framleis ha vore synlege på 1700-talet; ho skal ha blitt flytt derifrå til Øystese fordi kraftig sjøgang skapte vanskelege landingsforhald. I ei hole på Hattastruten i Bergstø skal det ifølgje ei anna segn ha vore gravplass før den første kyrkja vart bygd.

Ei verksemd som i mellomalderen var knytt til kyrkja, var gilda. Dei norske gilda var i første rekkje forbund for gjensidig støtte og vern, og med eit religiøst preg. Me har kjennskap til fleire  slike gilde, mange av dei på Vestlandet, og  eit par av dei var lokalisert i Hardanger. Det eine var St. Nikolai gilde i Øystese, oppkalla etter St. Nikolai, som mellom anna var skytshelgen for sjøfolk og handelsfolk i katolsk tid. Gildet i Øystese er nemnt i 1482, då biskop Olav i Holar på Island gjev tretti dagar i avlat til brørne og søstrene i gildet når dei vedgår sine synder og bøter for dei.

Kvam av i dag kryssar ei gammal grense mellom Strandebarm og Kvam, frå Tørvikbygd til Torsnes i Jondal. I mellomalderen gjekk grense mellom Hardanger og Sunnhordland sysler her, og seinare var dette skiljet mellom dei to fogderia Hardanger og Søndhordlehn. Kvam høyrde til Hardanger, Strandebarm til Sunnhordland. Målføret i Strandebarm fortel tydeleg om det gamle kultursambandet med sunnhordlandsbygdene. Strandebarm og Kvam (Øystese) utgjorde òg to skipreider i mellomalderen. Ei skipreide var eit avgrensa område der innbyggjarane var kollektivt ansvarlige for å byggja, halda, rusta ut og manne eit langskip til bruk i forsvaret av landet. Dei to store nausttuftene som framleis er tatt vare på i kommunen – i Skipadalen på Valland og på Hamn i Dysvik – meiner ein har vore leidangsnaust i kvar si skipreide. I leidangssystemet inngjekk vidare vetane, som vart tende når fiendtlege skip nærma seg kysten. Bjørkeveten stod i samband med veten på Oksen i aust og veten på Vitefjellet i Varaldsøy i vest.

Restar av tomt etter leidangsnaust - hamn Knut Markhus

Hamskifte og nye næringar på 1800-talet

I 1859 slo eit nygift par seg ned på Skåre i Øystese. Bonden og jakteskipparen Viking Nilsson (f. 1827) var harding, mens kona, Rakel Sørensdotter (f. 1829), var husmannsdotter frå Søgne i Vest-Agder. Ho kom frå ei bygd som i lang tid hadde stått i kontakt med den store verda, gjennom skutefart på Danmark og arbeidsvandringar til Amsterdam og andre hollandske byar. Som så mange andre sørlandsjenter, var Rakel prega av pietistiske haldningar. Til Skåre hadde ho med seg tre gjenstandar som skulle få stor betydning for utviklinga i bygda: Ei steikepanne, ei nattpotte og ein jernovn – alt saman ting som var i vanlig bruk i Søgne på det tidspunktet, men ikkje i Hardanger. Ein av dei første tinga Rakel gjorde, var å forsyne stova på Skåre med sydde gardiner for å skjerma mot innsyn. I åra som kom, skulle husmannsjenta frå Søgne komme til å personifisera hamskiftet i bondesamfunnet i Kvam med omsyn til matstell, mjølkestell, hygiene, ljos og varme og lagring.

Husmannen Nils Larsson Budalen i Øystese skreiv dagbok fram til han døde, 60 år gammel, i 1869. Dagboka dokumenterer mange av dei store endringane som fann stad i bygdene rundt fjorden i denne perioden. Dagboka til Nils Skaar på Skoro i Fyksefjorden, som var stortingsmann midt på 1800-talet, er òg tatt vare på.

Folketalet i Hardanger vart om lag fordobla frå vel 8000 til 16000 menneske mellom 1750 og 1850, sjølv om det også fanst kriseår, som under napoleonskrigane i 1807-1814. All jord vart utnytta, like frå fjøresteinane til fjellet. Slåttemarker kunne ein finne mest over alt, og innover fjellet låg stølane tett. Det var framleis korn- og potetåkrane på heimebøane som gav mesteparten av basisføda, mens slåttemarkene og skogen gjorde det mogeleg å få dyra over vinteren. Folkeauka hadde ført til kraftig oppdeling av gardar og bruk, og det var blitt fleire eigedomslause i Kvam: husmenn, innerstar og strandsitjarar. Etter kvart førte overskotet på arbeidskraft til at mange flytta frå bygda. Mellom 1850 og 1914 drog over 7000 menneske frå Hardanger til Amerika.

Hardanger var eit jordbrukssamfunn prega av attåtnæringar, og båtbyggingsverksemda var ei av dei næringane utanfor jordbruket som òg sysselsette husmenn. Slik var det til dømes i Strandebarm, der Ljonesvågen, Linga, Oma og Tveit var viktige byggjestader for båtar. Det same var Laupsafjøra i Øystese og Stekka i Tørvikbygd.

Robåt frå Hardanger Knut Markhus

Inntektene frå ulike attåtnæringar sette fart i moderniseringsprosessen lokalt, og det vart skipa bygdesparebankar. Strandebarm Sparebank var fyrst ute i  1852, medan Kvam fekk sparebank i 1860 og Øystese (Østensjø Laaneindretning) enda to år seinare. Det var særleg fartøynæringa som trong kapital. Til å frakta varene sine den lange vegen til torgs i Bergen, hadde dei meir velståande fjordbøndene tidleg bygd seg større, opne fartøy, og etter kvart var hardangerjakta, eit einmasta fartøy med både gaffel- og råsegl, blitt eit vanleg syn på fjorden. Hardangerjakta var rekna for noko av ein skarpseglar, og med jakter opererte hardingane langs heile kysten. Gullalderen til fraktefarta var perioden 1850-1880, og omkring 1860 høyrde kvart tredje fraktefartøy i fylket heime i Hardanger, mange av dei i Strandebarm og Kvam. Varene var i første rekkje fisk, men også ved, hatleband og stav til tønneproduksjon, frukt, mjølkeprodukt og småbåtar, medan dei tok korn og ulike byvarer i returlast.

For å sikra tilgangen på mat var det første kornmagasinet i landet blitt skipa i Eidfjord i 1775, og nokre år seinare var det komme eit i Kvam også. Jordbruket var i stor endring gjennom 1800-talet. Billeg importert korn førte til at heimebøane vart omlagde til kunsteng, med større vekt på husdyrhald. Nye husdyrraser, som telemarksfe, gav betre avkastning enn dei gamle. Slåmaskiner og andre hjelpemiddel gjorde at hesten kunne ta over ein del av det arbeidet som før berre kunne gjerast med handemakt. Fruktdyrking i større skala hadde teke til i slutninga av 1700-talet. Dette var no ei stor verksemd i første rekkje i Ullensvang, men óg i Strandebarm. Først etter 1850 vann fruktdyrkinga fram i resten av Kvam, som i 1900 hadde 10 000 frukttre, og sju år seinare meir enn det doble.

Det verkeleg store omskiftet for jordbruk og gardssamfunn i Kvam kom frå 1880-talet og fram til 1. verdskrig. Då hadde store jordskifte gjort slutt på småteigane, og kvart bruk fekk samla jorda, slik at kvar gardbrukar kunne flytte ut frå den gamle fellestuna og byggje moderne driftsbygningar på eigne bruk. Samstundes kom grøfting og nye gjødslingmetodar, og mekaniske reiskapar letta gardsdrifta. Hushaldet vart lagt om frå sjølvberging til sal av jordbruksvarer. Mot slutten av hundreåret kom lokale småmeieri og tok ein del av oste- og smørproduksjonen. Steinsdalens meieri var det fyrste i Hardanger, det vart skipa i 1888. Da dei store fellestuna vart oppløyst, kom det òg inn nye stilimpulsar, som sveitserstilen, og nye måtar å tenkja hus på. Dei nye husa på gardane var lyse, luftige og store, og dei hadde ofte kjellar til lagring.

Også på andre vis vart Kvamsamfunnet modernisert på denne tida. Rutebåtane innførte så å seia ei ny tidsrekning; dei kom dagleg til faste tider og på faste stader. Rundt stadene der båtane hadde anløp, vaks det fram sentra med handelsmann, handverkarar, post og etter kvart telefon. Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap, HSD, kom i 1880, med båtar som «Hardangeren», «Vøringen» og «Folgefonden». I 1871 vart det dessutan bygd ferdig kyøreveg gjennom Steinsdalen frå Norheimsund. Eit av dei vanskelegaste partia var dei tre kilometrane gjennom Tokagjelet, der vegen måtte sprengjast ut or fjellet.

Tokagjelet Olaf Andreas Svanøe, UIB/CC BY-NC-ND 3.0 Det første veganlegget der stod fyrst ferdig i 1907. Frå no av var det mogeleg å ta seg til Bergen landevegen på 9 timar. Fyrst 7 ½ time med hesteskyss til Trengereid, og så 1 ½ time med tog vidare til byen. I 1909 kjøpte hotelleigaren Nils Sandven ein automobil av typen «Windhof», og med den kjørte han strekninga Norheimsund – Trengereid på tre timar.

Norheimsund ca 1900 Olaf Andreas Svanøe, 2017 UIB/CC BY-NC-ND 3.0

Dei nye kommunikasjonane, og særleg dampskipstrafikken, førte til stor tilstrømming av turistar i andre halvpart av 1800-talet. Hardanger var blitt sjølve biletet på det nye, sjølvstendige Noreg etter 1814, og kulturuttrykk som hardangerbunaden og hardingfela vart opphøgde til nasjonale symbol av kunstnarar og intellektuelle i Christiania og Bergen. Tablået «Brudefærden i Hardanger» vart presentert på Christiania Theater i 1849. Med eit stort lerret malt av Tidemand og Gude som bakgrunn, stod ein båt med byfolk utkledd som bønder i «nasjonaldrakter» på scenen, og så fylgde song og spel, samt opplesing av Andreas Munchs dikt, «Brudefærden i Hardanger» («Der aander en tindrende Sommerluft over Hardangerfjords Vande») og musikk av Halfdan Kjerulf.

Mange av dei nye turistane kom frå England, og denne trafikken fekk ein «boost» då det vart opna direkterute mellom Bergen og England i 1890. Øystese og Strandebarm var òg populære stader hjå

byfolk, som oppheldt seg «på landet» om sommaren. Ein av dei store attraksjonane for turistane var Steinsdalsfossen. Hotell og overnattingstilbod vart etablerte i Kvam for å møta trongen til kost og losji. Iversens pensjonat og Sandven hotell i Norheimsund var i verksemd alt frå 1850-åra, mens Øystese hotell (1887), Vikingnes hotell på Ljones (1890) og Bakke hotell (1890) kom til seinare.

Haldeplassen - Norheimsund sentrum Kvam herad

I det tradisjonelle samfunnet hadde familie, slekt, gard og grend vore rammene for sosial omgang og fellesskap. Men i andre halvdel av 1800-talet vaks det fram eit omfattande foreiningsliv, og det vart bygd eit stort tal forsamlingshus rundt i bygdene. Foreiningane representerte noko nytt, og dei samle folk på tvers av gamle einingar som bygder, grender og gardar. Ettersom medlemmane vart samansveisa i ei foreining, fekk dei eit fellesskap og eit ansvar for kvarandre som gjekk på tvers av tradisjonelle sosiale grenser. Organisasjonar som frilyndt ungdomsrørsle, avhaldsrørsle, lekmannsrørsle, skyttarlag, idrettslag og politiske parti førte til nye omgangsformer og nye måtar å handle og tenke på. Sosiale kløyvingar i bygdesamfunnet kom også til uttrykk i det nye organisasjonslivet, til dømes mellom lekmannsrørsla og ungdomsrørsla. Lekmannsrørsla hadde tyngdepunkt i dei ytre bygdene i Hardanger, ungdomsrørsla i dei indre.

Fram mot år 1900 spela lags- og organisasjonsarbeid i bedehus, ungdomshus osb. ei stadig større rolle, og for barna hadde skulegangen vorte ein viktig del av dagleglivet. Mange kombinerte no gardsarbeid med anna arbeid som gav inntekter, og ein heil del  hadde fått handverk eller lønnsarbeid som hovudyrke. I Kvam, og særleg i Øystese, fanst det ein konsentrasjon av møbelsnikkarar. I dei nye knutepunkta som hadde vakse fram som eit resultat mellom anna av dampskipstrafikken, kunne ein no finna spesialiserte verksemder og tenester som handel, bankar, telefon, post og overnatting. Om lag 15 prosent av innbyggjarane i Kvam herad var i 1900 busette i knutepunkta Øystese og Norheimsund.

1900-talet

Samfunnsforskaren og kulturgeografen Axel Sømme skreiv på 1950-talet ei grundig skildring av Kvam, i ein artikkel han kalla «Kvam, ei industrialisert fjordbygd på Vestlandet». Artikkelen gjev eit godt bilete av kommunen, slik han stod fram midt på 1900-talet.

Folketalet har auka sterkt ved innflytting. Det har stige frå 3474 i 1910 til 5523 i 1950 og 6008 i 1955. Sømme skriv om dei gode vilkåra for jord- og skogbruk, og at ein i Kvam finn ein folketettleik som er uvanleg i dei indre strok på Vestlandet, og to bygdesentra, nemleg det han kallar «strandstadene» Norheimsund og Øystese. 31 prosent av folket levde i 1950 i «hussamlingar» - 920 i Ålvik, 551 i Norheimsund og 233 i Øystese. Men sjølv om han viser til at heradet har eit sterkt jordbruk, festar han seg ved at Steinsdalen, som tidlegare vart halden for å vera det beste jordbruksstroket i Kvam og eit av dei beste i fylket, har endra karakter. Dei to største matrikkel-gardane, Steine og Skeie, eig framleis store slåttar og framifrå sæterbeite på Kvamskogen, men gjer seg ikkje lenger nytte av dei. Sal av hyttetomter på Kvamskogen til byfolk har i seinare tid vore ei kjærkommen omframinntekt for mange.

Gardsbruka er små, og drifta fell tung, for mange bønder i Kvam slær enno store vidder av natureng på innmark og av utslåtter. Husdyrhaldet byggjer på ku og sau. Jordbruket er framleis hovudnæringa i store delar av heradet, og i den sørvestre delen har dobbelt så mange sitt hovudyrke i jordbruk som i industri og handverk, og i fleire andre krinsar har jordbruket framleis fleire folk i arbeid enn industrien. I Steinsdalen derimot gjev no bynæringane arbeid til fleire enn jordbruket, og i stroket Norheimsund – Øystese jamvel til fire gonger som mange.

Fruktdyrkinga har sidan hundreårsskiftet vorte ei viktig næring, og skatteinspeksjonen i Hordaland reknar no Kvam for ei av dei fire fruktbygdene i fylket. Den beste fruktgarden i Kvam er Ytre Ålvik, og den nedre delen av lia er no for det meste samanhangande frukthage, fortel Sømme.

Han viser òg til at jordbruket for mange sin del vert drive på andre måtar enn tidlegare. På Kaldestad vart tre av dei fire hovudbruka liggjande i eller nær det gamle tunet etter jordskiftet i 1895. Eit av bruka er sidan nedlagt, og elva som renn gjennom dette bruket, gjev no kraft til eit kommunalt elektrisitetsverk. Den øvre delen av eigedomen er tilplanta med gran, og tomtene ved sjøen er tekne i bruk til industri. Noko av innmarka er seld til to andre bruk, men desse er framleis altfor små. Dessutan er dei brattlendte og vender mot nordaust. I turkesumrar vert avlingane bra, men i kjølege og regnfulle sumrar ber nok Kaldestad – «garden ved den kalde elva» - namnet sitt med rette. Til døme på kor vel ein likevel nyttar dei utvegar som byd seg, nemner  Sømme at heile markstykket ovanfor husa på det eine bruket, som har ei stigning på 1:3, vert slege med tohjulstraktor og slåmaskin. Den flytande husdyrgjødselen vert pumpa opp gjennom plastrøyr og kasta utover frå ein spreiar. På fire teigar fødde dette bruket i 1950 10 kyrlag. For å skaffa seg nok inntekt, arbeider eigaren som revisor.

Sømme skriv at fjellpartiet ovanfor fjorden er strøtt med store og små vatn som før hadde utlaup til elva Bjølvo som kjem ned til fjorden ved garden Ytre Ålvik. No vert vatnet ført ned til fjorden ved Indre Ålvik, tre fire kilometer lengre aust. Her har A/S Bjølvefossen bygt eit kraftverk med ei brutto fallhøgd på mest 900 m, og eit stort smelteverk for ferro-legeringar. Ein ny industristad, Ålvik, har vakse fram her. Han er i snøgg vokster, og hadde ved folketeljinga 1950 920 innbyggjarar. I inntektsåret 1955 kommer ca. 59 prosent av stats- og kommuneskatten frå Ålvik. A/S Bjølvefossen har letta bustadbygginga. Arbeidarar og funksjonærar som byggjer eigen heim, får gratis arkitekthjelp og andre føremoner, Frå 1947 til 1956 er det gjeve byggjeløyve til 86 nye husvære, vanleg i einebustader, i Ålvik, men likevel er det kring 100 av dei bortimot 500 arbeidarane i denne verksemda som brukar buss til og frå fabrikken, Den sosiale strukturen på industristaden er nokså einsidig. Mest alt som ikkje høyrer inn under A/S Bjølvefossen, er samla på torget: Samyrkjelaget, dei to private handelsforretningane og einaste kafé og pensjonat på staden held til og med til i same hus.

Røyrgata til Bjølvefossen Knut Markhus

På strandstadene Norheimsund og Øystese er det ein meir allsidig struktur i folkesetnaden.  Handelssenteret i Øystese har dei same slag forretningar som Norheimsund. Attåt samyrkjelaget og større handelsfirma av landhandlartypen er der bank, spesialforretningar for sko, manufakturvarer, radio og elektriske artiklar, samt urmakar, lækjar og tannlækjar, men ikkje sakførar som i Norheimsund, fortel Axel Sømme. Han nemner at Norheimsund har betre kommunikasjonar og eit større oppland, som rekker tvert over fjorden til Sollesnes og dei andre stadene i Jondal, der mjølkeruta til Norheimsund går innom. Vareutvalet i Norheimsund er rikare, og trafikken i hovudgata er mykje større. Norheimsund er trafikknutepunktet og har det meste av kommuneadministrasjonen. Her er både handelsskule og lærlingskule. Yrkesskulen ligg eit par kilometer opp i Steinsdalen. Like ved Vikøy kyrkje ligg Framnes ungdomsskule, som har kring 170 elevar, mens statsrealskulen er i Øystese.

Dei to turisthotella ved fjorden har få gjester om vinteren. Sæterhotella på Kvamskogen har derimot sesong frå jul til midt i september.

Møbel- og innreiingsindustrien har mange og små verksemder i Kvam. Han har heile landet til marknad, mens A/S Bjølvefossen sel sine produkt over heile verda. Heradet har elles fem bakerier, to meierier, to konservfabrikkar, tekstil- og konfeksjonsindustri i Øystese og talkumgruve- og mølle ved Fyksesundet. Strandebarm var enno ikkje blitt ein del av Kvam, og Sømme diskuterer difor ikkje bygda, der produksjonen av strandebarmaren no var blitt ein særs viktig industri.

27 prosent av yrkesfolkemengda er sysselsett i jordbruk og 39 prosent i handverk og industri. Dei to fremste industrigreiner er primær jarn- og metallindustri, som i 1950 gjev arbeid til 381 personar, og møbel- og innreiingsindustrien, som har 180 sysselsette i det same året.

Steinsdalsfossen A. Vikør