Folkehelsearbeid

Formålet med folkehelsearbeidet er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og utjamnar sosiale skilnader. Folkehelsearbeidet skal vera heilskapeleg og på tvers av sektorar.

Folkehelse handlar om befolkninga sin helsetilstand og korleis den fordelar seg i befolkninga.

Folkehelsearbeid er samfunnet sin totale innsats for å styrke dei faktorane som fremjar helse og trivsel, gjennom å redusera faktorar som gjv auka helserisiko og verna mot ytre helsetruslar.

I Folkehelselova får kommunane eit tydeleg ansvar for å leggja til rette for god folkehelse. Kvam herad har lange tradisjonar for å prioritera folkehelsearbeid.

Forhold som påverkar livskvalitet og helse omfattar alt frå generelle samfunnsforhold til individuelle val og eigenskapar ved enkeltmenneske. Dette er illustrert i figuren under.

Figur: Kva påverkar helsa? (Whitehead & Dahlgren, 1991)

Sjølv om sosiale nettverk og levevanar har ein meir umiddelbar betydning for helse og livskvalitet, vert helsa og sterkt påverka av samfunnsfaktorar. Følgjande faktorar er av særleg betydning for folkehelsa:

 

Helsedirektoratet har laga ein film som viser folkehelsearbeid i kommunane:

 

Her kan du lesa meir om folkehelse og folkehelsearbeid:

Reidun Braut Kjosås
Folkehelsekoordinator
E-post
Telefon 91 73 75 15