Strandebarm omsorg

Strandebarm omsorg ligg på nedsida av Strandebarmsvegen like ved skulen og idrettsbanen på Tangerås.

  • Strandebarm omsorg har 26 bustader

Omsorgsbustaden  har dagsentertilbod 5 dagar i veka for heimebuande. Det er aktivitør knytt til dagsenteret.
Strandebarm omsorg er base for heimetenesta i Strandebarm med ansvarsområde frå Gravdal til Ljones. Gruppeleiar har ansvar for nattenesta i Strandebarm.

Tilbod

  • fint uteområde med gangstiar, sitteplassar og fin hage.
  • taxisykkel til bruk ute
  • frisør kjem til Strandebarm omsorg ved behov
  • fotpleiar kjem til Strandebarm omsorg ved behov
  • fysioterapeut kjem etter behov
  • gratis tannpleie og hjelp til bestilling av time. Tannpleiar kjem på Strandebarm omsorg ein gong i året
  • kjøkken der mat blir laga til felles måltid
  • handletralle kvar måndag
  • seniordans ein gong i månaden
  • motiview trimsykkel knytt til lokale filmar
  • kaffikos i regi av kvinne og familielaget
  • andakt ein til to gonger i månaden. Prest er tilgjengeleg ved behov

Måltid

Middag vert levert frå Matvarehuset.

Frukost, lunsj og kveldsmat vert laga på felleskjøkken.

Me har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bord vert dekt og pynta etter årstid.

 

 

Strandebarm omsorg

Telefon: 910 04 773 / 913 92 578     
Sjukepleiar: 913 92 578

Gruppeleiar
Liv Berit Eide
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 918 17 408 / 910 04 773
Epost: liei@kvam.kommune.no

Gruppeleiar
Elisabeth Svåsand
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon:  918 17 408 / 910 04 773
Epost: elisva@kvam.kommune.no

Adresse
STRANDEBARM OMSORG 
Tangeråsneset 25
5630 Strandebarm