Omsorgsbustad pluss

Omsorg+ er tilrettelagt omsorgsbustad med livsløpsstandard.  I bustaden kan dei som har behov for det få bistand frå helsepersonell heile døgnet.

Bilde av omsorgbustad pluss i Øystese, Norheimsund og Strandebarm - Klikk for stort bilete

 

Kvam herad har omsorg+ i Strandebarm, Norheimsund og Øystese.

 

Kven kan få tilbod om omsorg+? /praktiske opplysningar

  •  Søkjar må vera fylt 18 år og ha folkeregistrert adresse i Kvam.
     
  •  Evna til å bu i eigen heim med bistand får heimebaserte tenester skal vera prøvd ut, samt vurdert som utilstrekkelege for å ivareta søkjar sitt behov.
     
  •  Noverande bustad er utforma på ein måte som gjer det vanskeleg for søkjar bu der, og utbetring eller endring av bustad er vurdert til å vera ei urimeleg løysing.
     
  •  Søkjar må ha fysisk og/eller psykisk helsesvikt og som har behov for tilrettelagt bustad med heildøgns omsorgsteneste.
     
  • Omsorgsbustad på Mikkjelsflaten har nokre leilegheiter som er tilrettelagt for to personar. Ta kontakt med tenestekontoret for meir informasjon om desse.

 

Pris

Du inngår husleigekontrakt og betaler husleige for bustaden.

Utgifter til måltider, alarm og tenester i bustaden kjem i tillegg til husleiga.

 

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 165 kB).

For meir informasjon om søknad følg denne lenka.

 

Lover og retningslinjer

Tenesta er ikkje lovpålagt. Tildeling skjer etter kommunale retningslinjer og opphald i omsorgsbustad vert regulert gjennom husleiekontrakter, jf. husleieloven.