Søkja om helse og omsorgstenester

Felles søknadsskjema

Det er eit felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester i Kvam herad. Du kan kontakta tenestekontoret eller fellessekretariatet på Rådhuset om du ynskjer å få tilsendt skjema.

Slik søkjer du:

  1. Fyll ut søknadsskjemaet. Beskriv kva du treng hjelp til, så vil tenestekontoret vurdera kva teneste som passar best for deg.
  2. Dersom det er ein annen person som sender inn søknaden på vegne av deg, må dette koma fram i søknaden. 
  3. Skriv ut, undertegn og send skjemaet i posten til tenestekontoret. Me kan per i dag ikkje motta elektronisk søknad.
  4. Dersom du har behov for hjelp til å fylle ut søknadsskjema kan du kontakta tenestekontoret.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist, søknadar vert behandla fortløpande.

Kva skjer vidare?

Du får svar innan 4 veker. For å sikra at du får det tilbodet som passar best for deg, vil me kartleggja situasjonen din og innhenta nødvendige opplysningar i samarbeid med deg. Du kan få innvilga ein eller fleire helse- og omsorgstenester.

Klage

Dersom du får avslag på søknaden din, vil me grunngje dette. I svaret får du informasjon om korleis du klagar og klagefrist.

Les meir om korleis du kan klaga på helse og omsorgstenester.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)