Tolo omsorg

Tolo omsorg ligg fint til mellom Hardangerfjordvegen og Toloheimen i Norheimsund.

Tolo omsorg hus A og B;

  • 32 enkle bustader

Det er i hovudsak eldre med daglege hjelpebehov som bur her. Bustaden har heildøgns omsorg. Bebuarane får tenester etter behov og enkeltvedtak.

Tilbod

  • fint uteområde
  • taxisykkel til bruk ute
  • frisør på Toloheimen
  • fotpleie på Toloheimen
  • fysioterapi etter behov
  • hjelp til å formidla kontakt med fastlege
  • gratis tannpleie og hjelp til bestilling av time
  • kjøkken med felles måltid eller måltid i eigen bustad
  • sangstund i regi av Grannehjelpa
  • trimstund saman med personalet
  • andakt ein gong i månaden. Prest er tilgjengeleg ved behov

Måltid

Middag vert levert frå Matvarehuset. Frukost, lunsj og kveldsmat lagar me sjølv på felleskjøkken for dei som ynskjer det. Alle som bur her får servert måltid i fellesrom. Dette opplever dei fleste som positivt.

Tolo omsorg har fokus på ernæring og vektlegg trivelege rammer rundt måltida. Bordet vert dekt og pynta etter årstid.

Tolo omsorg (Hus A og B)

Telefon: 414 26 627

Gruppeleiar
Linn Barane-Birkeland
Man - fredag: 0730 - 1530
Telefon: 902 54 038
Epost: linbar@kvam.kommune.no

Adresse:

Hardangerfjordvegen 54/56
5600 Norheimsund