Sosial

NAV Kvam skal vere med å gje sosial og økonomisk tryggleik og fremje overgang til arbeid og aktivitet. Dette er samfunnsoppdraget til NAV.

For å nå dette målet har me ein felles strategi i NAV med 3 ambisjonar:

1. Mobilsering av arbeidskraft til eit arbeidsliv i omstilling

2. Alle skal få pengane dei har krav på enkelt og føreseieleg

3. Me skal finne løysingar saman med dei som treng det mest.

NAV Kvam er eit partnerskap mellom NAV Vestland /Region Voss/Hardanger og Kvam herad. Nav Kvam har ansvar for arbeidsretta oppfølging for personar som treng hjelp for å kome i arbeid eller meiningsfull aktivitet. Oppfølginga skal være tilpassa den enkelte sin situasjon. NAV Kvam ynskjer og å være ein føretrekt samarbeidspart for næringslivet og tilby formidling av arbeidskraft, råd og rettleiing i samband med rekruttering, nedbemanning og oppfølging av sjukmelde. Ungdom er prioritert gruppe i NAV og frå 1.juli 2023 vart det innført ein ny ungdomsgaranti i NAV for å sikre tett og god oppfølging av unge mellom 16 og 30 år. Ungdomsgarantien er eit av tiltaka for å motarbeide ei aukande gruppe med unge som står utanfor utdanning og arbeid. NAV Kvam har eit tverrfagleg ungdomsteam som har ansvaret for dette arbeidet.

Nav Kvam har jobbspesialistteam i samarbeid med regionen Voss/Hardanger i tillegg til team for oppfølging av sjukmelde, SYFO team.

NAV Kvam har ansvar for dei sosiale tenestene etter Lov om sosiale tenester i Nav.

Det er 5 individuelle tenester som skal være tilgjengelege for alle:

  1. Opplysning, råd og rettleiing, inkl økonomisk rådgjeving
  2. Økonomisk stønad
  3. Mellombels bustad
  4. Kvalifiseringsprogam og stønad
  5. Individuell plan

Kvam herad har gjennom mange år busett flyktningar. Flyktningtenesta i kommunen er plassert i NAV. Flyktningtenesta har ansvar for å gjennomføre konkrete avtalar om busetting med Integrerings og mangfaldsdirektoratet (Imdi) og å leggje til rette og ta imot dei som kjem til kommunen vår. Integreingslova gjev flyktningane som kjem krav og rettar norsk og samfunnsfagopplæring og anna nødvendig kvalifisering for å delta i norsk arbeids- og samfunnsliv. Utgangspunktet for dette arbeidet er utarbeiding av individuelle introduksjonsprogram og planar i samarbeid med den enkelte flyktning. Koordinering er flyktningtenesta sitt viktigaste ansvar og for å få til god integrering er det nødvendig med godt tverrfagleg samarbeid med alle tenestene i kommunen. planar i samarbeid med den enkelte flyktning. På grunn av krigen i Ukraina er me i ein situasjon der talet busette flyktningar er historisk høge, med tilsaman 126 i åra 2022 og 2023.

Ved NAV Kvam har me og tilsette som arbeider med bustadsosialt arbeid.

Bustadkoordinator har ansvar for behandling av søknader om startlån og tilskot i tillegg til tildeling av kommunale bustadar til vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Trivselsvaktmeistrar. i tverrfagleg team er eit førebyggjande lågterskeltilbod som gjev tilpassa oppfølging ute i heimane hjå personar som leiger kommunal bustad eller har kommunal garanti for depositum. Bustadsosialt arbeid er eit nytt arbeidsfelt ved NAV Kvam som er lovfesta i ny lov frå juli 2023.