Ergoterapi

Kva tilbyr me?

Ergoterapeuten gjev tilbod til deg som av ulike årsakar har, eller står i fare for å få utfordringar med å delta i daglege aktivitetar som er viktige i eigen kvardag. Born, vaksne og eldre kan nytta ergoterapitenesta.

Målet er å hjelpa menneske å oppnå maksimalt funksjonsnivå ut frå eigen forutsetninger, og i eige lokalmiljø. Ergoterapeuten deltek i tverrfaglege team, som til dømes demensteam, husbanknemnd og kvardagsrehabilitering. Ergo- og fysioterapitenesta arbeider etter felles prioriteringar. 

Ergoterapeuten gjev tilbod om:

  • kartlegging, vurdering og tiltak
  • trening og tilrettelegging i daglige aktivitetar
  • vurdering av behov for hjelpemiddel, søknad om hjelpemiddel og gje opplæring i bruk av desse. Sjå Hjelpemiddellageret
  • rettleiing og tilpassing av omgjevnader med universell utforming og velferdsteknologi
  • demensrådgjeving
  • kvardagsrehabilitering
  • rettleiing til pårørande.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Slik søkjer du

Du sjølv, pårørande eller andre fagpersonar kan tilvisa til tenesta ved å nytta skjemaet: Tilvising til kommunal ergoterapeut. Du må godkjenna tilvisinga dersom andre søkjer for deg.

Lover og reglar

Klage

For meir informasjon sjå her.

Hege Dale
Kommuneergoterapeut
E-post
Telefon 41 63 13 39
Mobil 41 63 13 39
Torild Kveberg
Leiar for ergo og fysioterapitenesta
E-post
Telefon 90 17 61 66
Mobil 90 17 61 66