Kvardagsrehabilitering

Kva tilbyr me?

Kvardagsrehabilitering er tidsavgrensa rehabilitering som skjer heime hjå deg og i ditt nærmiljø. Kvardagsrehabilitering tek utgangspunkt i at folk flest ynskjer å vera aktive og bu heime lengst mogleg. Her kan du gjera kvardagslege aktivitetar som er viktige for deg, og vera sosial om du ynskjer det.

Kvardagsrehabilitering er for deg:

  • som bur heime, men ikkje lenger har same funksjon som før, og slit med å meistre aktivitetar som er viktige for deg
  • som er motivert til å gjere ein innsats for å klare deg sjølv heime i størst mogleg grad
  • som har vore innlagt på sjukehus eller institusjon og opplever behov for oppfølging i ettertid

Du får kvardagsrehabilitering frå eit tverrfagleg team sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut og heimetenesta. Me kjem heim til deg og gjer ei undersøking og har ein samtale med deg slik at du kan setja deg eigne mål. Les meir i brosjyren Aktiv i eige liv - i eigen heim.

Kva kostar det?

Tenesta er gratis.

Korleis søkjer du?

Du søkjer om tenesta ved å nytte søknadsskjemaet: Søknad om helse- og omsorgstenester. (PDF, 165 kB) Ein ergoterapeut og fysioterapeut kjem heim til deg for samtale og vurdering. Med bakgrunn i samtalen og søknadsgrunnlaget vert behovet ditt for tenesta vurdert.

Klage

For meir informasjon om klage sjå her.

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no

Hege Dale
Kommuneergoterapeut
E-post
Telefon 41 63 13 39
Mobil 41 63 13 39
Rikke Gjerde Reistad
Fysioterapeut
E-post
Mobil 98 85 04 83
Fysioterapeut