Kraftfondet i Kvam

Kvam herad har eit kommunalt kraftfond som primært kan nyttast til næringsutvikling, nyetablering og bedriftsutvikling.

Fondet kan støtta både bedriftsretta tiltak og tilretteleggande tiltak og prosjekt. Det kommunale kraftfondet skal i fyrste omgang leggja til rette for og gje støtte til nyetableringar og til dei minste verksemdene. Fondet kan også nyttast til foranalysar og forprosjekt for utvikling av nye forretningsområde og lokalmarknadsbaserte prosjekt i større verksemder.


Søknadsfristane er 1. mai og 1. oktober.

Søknadane skal registrerast i www.regionalforvaltning.no