Fritidserklæring for Kvam

 

________________

"Fritidsarenaen i Kvam er tilgjengeleg  for alle barn og unge, slik at dei får delta i fellesskap som gjev tilhøyrsle, meistring og glede.

Barn og unge skal vera med på å påverka den lokale fritidsarenaen, slik at alle har moglegheit for å velja fritidsaktivitetar - organiserte og ikkje-organiserte - som passar deira alder, interesser og ferdigheiter.

Fritidsarbeidet i Kvam fremjar trivsel, gode sosiale forhold og skal bidra til god helse hjå barn og unge. Kvam herad har ei rekkje konkrete tiltak og ordningar som bidreg til å oppfylla krava i denne erklæringa.
"

Kvifor fritidserklæring?

Deltaking i fritidsaktivitetar ei viktig kjelda til fellesskap og tilhøyrsleÅ oppleva tilhøyrsla og kjenna seg inkludert er eit grunnleggjande behov, og verkar beskyttande mot utanforskap. Fritida er også ein viktig arena for å skapa identitet og oppleva meistring.

Arbeid mot utanforskap og ei inkluderande fritid er målet for den nasjonale fritidserklæringa som i august vart signert på ny av regjeringa, kommunane og dei frivillige organisasjonane. Fritidserklæringa byggjer på FN sin konvensjon om barns rettar. Du kan lesa den nasjonale fritidserklæringa her.

Samarbeidspartane rundt fritidserklæringa tilrår ei lokal forankring ved at kommunane lagar sine eigne fritidserklæringar, og den 28. mars 2023 vedtok heradsstyret ei eiga fritidserklæring for Kvam. Føremålet med ei erklæringa i Kvam er å leggja til rette for reell tilgang til fritidsarenaen for alle barn og unge i kommunen vår.

I Kvam er målet å ha ein mangfaldig fritidsarena der alle barn og unge kan finna sin plass, anten det er i organiserte aktivitetar eller på uformelle møtestader. 

 

Tiltak som støttar opp under fritidserklæringa