Fritidskortet pluss

Utfordrande å betala for fritidsaktivitetar?
Målsetjinga fritidskortordninga er at familiens økonomi ikkje skal vera eit hinder for barn og unge si deltaking på fritidsaktivitetar. Det er ikkje alltid det ordinære fritidskortet er nok til at eit barn eller ein ungdom kan starta opp eller halda fram i ein fritidsaktivitet. Derfor har me ordninga fritidskortet pluss, som gjev auka verdi på fritidskortet.

Søknad om fritidskortet pluss
Fritidskortet pluss er ei utviding av det ordinære fritidskortet. Ein kan søkja om utvida støtte til fritidsaktivitetar (type 1) og støtte til tur, leir eller cup (type 2).
Fylgjande kriteritum må vera på plass for å få støtte:

  • Barnet må ha ein fritidskonto i Friskus. Ta kontakt om du treng hjelp til dette.
  • Arrangøren som står for aktiviteten ein søkjer støtte til må vera registrert i Friskus
  • Familien si samla inntekt kan ikkje overstiga 3G (kr. 355 860)  

Dersom du har ytterlegare opplysningar om økonomi eller andre tilhøve som er relevante for søknaden, kan du opplysa om desse fritekstfeltet i søknadsskjemaet. Svaret på søknaden vil verta gitt utifrå ei samla vurdering. 

Søknad type 1: Utvida støtte til fritidsaktivitetar

Utvida støtte til aktivitet kan verta gitt dersom det ordinære fritidskortet:

  • ikkje gjev tilstrekkeleg stønad til at eit barn/ungdom ikkje kan starta opp i ein ny aktivitet 
  • ikkje gjev tilstrekkeleg stønad til at eit barn/ungdom kan halda fram med ein aktivitet

Fritidskortet pluss gjeld for inntil to fritidsaktivitetar, med ei maksgrensa på 1500 pr halvår. Dersom søknaden vert innvilga, vert summen ein har søkt gitt som påfyll på Fritidskortet i Friskus.

Søknad type 2: Støtte til cup, leir og tur

Støtte til cup, leir og tur kan verta gitt dersom barn og unge av økonomiske årsaker er forhindra frå å delta på turar, cup eller leir i regi av fritidsaktiviteten dei deltek på. Støtta har ei maksgrense på kr. 2000 pr år.

Lenke til søknadsskjema finn du her.

Frist for å søkja for hausten er 17. desember. 

Ta kontakt:
Dersom du har behov for Fritidskortet pluss, ta kontakt med fritidskoordinator Kristin Lundblad her.