Ung fritid Kvam

____________________

Ei verdifull og aktiv fritid gjev livskvalitet og er ei viktig kjelda til tilhøyrsle og trivsel. På denne sida finn du informasjon om fritidsarenaen for barn og unge i Kvam.

I Kvam jobbar me tverrfagleg med fritid med eit felles mål om at alle barn og unge skal få kjenna at dei høyrer til i eit fellesskap der dei får oppleva meistring og glede.  

Som eit ledd i arbeidet med å gjera fritidsarenaen i Kvam tilgjengeleg for alle barn og unge, vedtok heradsstyret den 28. mars 2023 ei eiga fritidserklæring for Kvam. Du kan lesa meir om fritidserklæringa til Kvam her.  

Har du spørsmål eller innspel? Ta gjerne kontakt med fritidskoordinator  :)

  

Nyttige lenkjer