Søkja om trygdebustad, omsorgsbustad eller omsorg+

Framgangsmåte og søknadsskjema for å søkja trygdebustad, omsorgsbustad eller omsorg+.

Slik søkjer du

Kvam herad har felles elektronisk søknadsskjema for trygdebustad, omsorgsbustad og omsorg+. 

Til søknadsskjema

Løysinga krev at du skriv deg inn med BankID. 

Søkja på papir

Det er òg råd å søkja med papirskjema (PDF, 190 kB). Du kan skriva ut skjemaet eller henta i resepsjonen på Kvam rådhus. Fyller du ut eit papirskjema, sender du det til fellessekretariatet på rådhuset.

Kvam herad
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund.
 

Dette må du leggja ved søknaden

  • Dersom du søkjer på vegner av andre, lyt du leggja ved fullmaktsskjema.
  • Skattemelding
  • Lønslippar eller utbetalinga frå Nav for dei to siste månadene
  • Dokumentasjon på sosiale eller helsemessige tilhøve som kan verka inn på søknaden. Ved søknad om omsorgsbustad skal du leggja ved legeopplysingar av nyare dato.


Klage

Dersom du får avslag på søknaden din, grunngjev me dette i svaret.  I brevet får du informasjon om korleis du klagar og klagefrist.

Spørsmål eller rettleiing?

Har du spørsmål eller treng rettleiing kan du kontakta Tenestekontoret.
 

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no

Sakshandsamar/fagsjukepleiar
Maria Rykkje
Telefon: 908 16 672
E-post: mariar@kvam.kommune.no