Omsorgsbustad

Omsorgsbustader er tilrettelagte bustader med livsløpsstandard. Bebuarar i omsorgsbustad kan søkje om praktisk bistand og helsetenester i heimen etter behov.

 

Kven kan få omsorgsbustad?

  • Du har ein type funksjonssvikt som har behov for pleie- og omsorgstenester.
     
  • Du må vera fylt 18 år og folkeregistrert i Kvam.
     
  • Tilrettelegging av noverande bustad vil ikkje gje tilfredsstillande livskvalitet.
     
  • Dersom du tidlegare har takka nei til tilbod om omsorgsbustad utan sakleg grunngjeving og det ikkje er endringar i søkjars situasjon, kan søknad om tildeling av bustad bli avslått. Standard og stad blir ikkje rekna som sakleg grunngjeving, med mindre tungtvegande helsemessige eller sosiale grunnar tilseie noko anna.

Pris

Du inngår husleigekontrakt og betaler husleige for bustaden.

Utgifter til måltider, alarm og tenester i bustaden kjem i tillegg til husleiga.

Lover og retningslinjer

Omsorgsbustader er ikkje ei teneste som vert tildelt etter helse- og omsorgstenestelova, men omfattar ulike typar bustader som er tilrettelagde for omfattande helse- og omsorgsbehov utanfor institusjon.

 

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 165 kB).

For meir informasjon om søknad følg denne lenka.

 

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no