Trygdebustad

Trygdebustadar i Kvam har livsløpsstandard. Å skaffe seg bustad er i utgangspunktet eit privat ansvar, og kommunal bustad er ikkje ei lovfesta rettigheit. Kommunen kan bistå med kommunale bustader for særskilt vanskelegstilte på bustadmarkedet.

 

Kven kan få tilbod om trygdebustad?

  • Du må vera fylt 18 år og folkeregistrert i Kvam
     
  • Trygdebustad kan tildelast søkjer som er utan fast eller egna bustad, og som er utan moglegheit til å skaffe seg alternativ bustad sjølv.
     
  • Bustad for deg som er i ein midlertidig, vanskelegstilt situasjon grunna helsemessige eller sosiale forhold.
     
  • Søkjar må ikkje ha inntekt, formue eller alternative moglegheiter som gjer vedkomande i stand til å skaffa seg egna bustad. Kravet kan avvika dersom det føreligg særlege grunnar.

 

 

Pris

Du inngår husleigekontrakt og betaler husleige for bustaden.

Utgifter til måltider, alarm og tenester i bustaden kjem i tillegg til husleiga.

 

Slik søkjer du

Du brukar skjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 165 kB).

For meir informasjon om søknad følg denne lenka.

 

Lovar og retningslinjer

Trygdebustad er ikkje ei teneste som vert tildelt etter helse- og omsorgstenestelova, men omfattar ulike typar bustader som er tilrettelagde for omfattande helse- og omsorgsbehov utanfor institusjon.