Barnekoordinator

Familiar som ventar eller har barn med alvorleg sjukdom, skade eller nedsett funksjonsevne, og som har behov for langvarige og samansette helse-og omsorgstenester og andre velferdstenester, har rett til barnekoordinator i samsvar med Helse- og omsorgstjenesteloven § 7-2 a

Kva tilbyr me?

Barnekoordinatoren blir oppnemnt av kommunen og tildelt familien. Barnekoordinatoren skal blant anna

  • legge til rette for medverknad frå barn og familien
  • koordinere det samla tenestetilbodet
  • ha oversikt over og bidra aktivt til å vareta kommunen sitt ansvar for naudsynt oppfylging, tilrettelegging for familien og barnet i form av tilbod om eller yting av helse- og omsorgstenester og andre velferdstenester
  • gje nødvendig informasjon og rettleiing om helse- og omsorgstenester, andre velferdstenester og relevante pasient- og brukarorganisasjonar, at familien og barnet får veiledning i deira kontakt med desse, eventuelt formidla kontakt / tilvising til dei.
  • framdrift av arbeid med Individuell plan (IP)

 

Kva kostar det?

Tenesta er gratis

Slik søker du?

Eit ynskje om barnekoordinator kan fremjast både munnleg og skriftleg av foreldre eller den som samtykker på vegne av barnet. 

Det er foreldra eller den som samtykker på vegne av barnet som skal samtykke til oppnemning av barnekoordinator. Det betyr at ungdom mellom 16 og 18 år ikkje kan samtykke til barnekoordinator. I slike tilfelle må ein legge stor vekt på kva ungdomen ynskjer. I mange situasjonar vil det vera mindre tenleg å opprette barnekoordinator dersom ungdomen motset seg dette.

Når kommunen har kjennskap til behov som kan gje rett til barnekoordinator, skal kommunen på eige initiativ rettleie familien om retten, og ta initiativ til ei vurdering av denne retten om familien ynskjer det.

Digitale skjema er under utarbeiding. Inntil vidare ber med deg ta munnleg kontakt med Tenestekontoret. 

Lover, reglar og personvern

For å få lov til å behandla dine personopplysningar må me ha eit behandlingsgrunnlag, jf lov om personopplysningar artikkel 6.1, og for å få lov til å behandla helseopplysningar må me ha eit supplerande behandlingsgrunnlag etter artikkel 9.2.

Behandlingsgrunnlaget er artikkel 6.1 e og artikkel 9.2 h. 

Lovheimelen vi arbeidar etter er:

Pasient- og brukerrettighetsloven § 2-5 c 
Helse- og omsorgtjenesteloven § 7-2 a 

Du kan lesa meir om korleis Kvam herad behandlar dine personopplysningar, og om dine rettar etter personopplysningslova i vår personvernerklæring

Klage

Dersom du får avslag på søknad om barnekoordinator vil me grunngje dette. I svaret får du informasjon om korleis du klagar og klagefrist.

Du finn informasjon her om korleis du kan klage.

Retten til å klage kan du lese om i lenka her til Pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7.   

Barnekoordinator Jannike Tvedteraas Fagervik
Telefon: 481 03 065
E-post: jatv@kvam.kommune.no
 

Tenestekontor Helse og omsorg
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Opningstider: kl 09:00 - 14:30, måndag til fredag

Leiar Tenestekontor Helse og omsorg
Jorunn Selsvik
Telefon: 920 21 980
E-post: jorsel@kvam.kommune.no

Sakshandsamar
Sara Marie Klyve
Telefon: 904 06 621
E-post: sarkly@kvam.kommune.no