BIR har eit differensiert gebyrsystem for hytteeigarar. Det tyder at gebyret du betalaar skal vera tilpassa avfallsmengden du leverer. Hytter med høg standard leverer erfaringsmessig meir avfall enn hytter med lågare standard, sjølv om det i praksis ikkje er mogleg å måla akkurat kor mykje avfall den enkelte hytteeigar har levert.
BIR har vald å differensiera hytterenovasjonsgebyra ut frå ei kategorisering av hyttene etter følgjande kriterier:
- Tilkomst. avstand frå kjørbar veg (bil) eller bryggja (båt) til hytta < 1 km
- Innlagt vatn
- Innlagt straum
- Firmahytter og lagshytter
Hyttene er fordelt i kategoriar der til dømes firma- og lagshytter ligg i den eine ytterkanten av skalaen, medan stølar lang til fjells utan tilknytning til infrastruktur ligg i den andre:
- Firmahytter, lagshytter
- 2 eller 3 av kriteria
- 1 av kriteria
- 0 av kriteria