Lurer du på om eit barn kan vera utsett for vald eller overgrep?

Saker som handlar om vald og overgrep mot barn er kompliserte og krevjande. Det er ekstra utfordrande fordi dei ofte rører ved tabu og vanskelege kjensler hjå folk flest.
Når ein får slike bekymringar for barn og unge, er det viktig å søkje råd og rettleiing så tidleg som råd for å sikre at barnet får hjelp.

Bilde av konsultasjonsteamet i Kvam herad - Klikk for stort bilete Synnøva Alsaker

Kvam herad har ei tverrfagleg samansett faggruppe, eit konsultasjonsteam, som kan gje råd og rettleiing om korleis du kan koma vidare med slike bekymringar. 
Alle kan søkja råd og få si bekymring drøfta i teamet. Drøftingane skjer anonymt, og teamet har teieplikt. Teamet har kun rådgjevande funksjon. Faggruppa har fått opplæring og veiledning frå ressurssenteret RVTS Vest, og jobbar etter faglege retningsliner for slik rådgjeving. 

Kven har medlemer i teamet? 

  • Barneverntenesta
  • Helsestasjon/skulehelseteneste (helsesjukepleiar og skulelege) 
  • Familiesenteret v/familierettleiar og psykolog for barn og unge
  • Pedagogisk-psykologisk Teneste (PPT)
  • Politiet
  • Tannhelsetenesta   

Kven kan ta kontakt? 

Alle personar som er i kontakt med barn og unge, kan kontakta teamet. Det gjeld for: 

  • Dei som arbeider med barn og unge.
  • Lag og organisasjonar.
  • Kyrkja eller andre fellesskap der barn møtes og oppheldt seg.
  • Privatpersonar. 

Ta gjerne med deg ein kollega, næraste leiar eller andre du er trygg på til rådgjevinga.  Det er valfritt om ein ynskjer rådgjevning fysisk eller digitalt.  

Korleis ta kontakt? 

Har du behov for å drøfta ei slik bekymring, kan du ta kontakt med oss for å avtala tid, tlf 56 55 30 50 eller e-post: konsultasjonsteamet@kvam.kommune.no. Merk: sensitive opplysningar skal ikkje sendast per e-post, som kun nyttast til å opprette kontakt. 
 
Dersom du har eller får informasjon om barn som fortel at dei vert utsett for vald eller overgrep, må du ta direkte kontakt med barneverntenesta eller politiet. I slike høve har ein melde/avvergingsplikt. For meir informasjon om dette, sjå plikt.no.

Komande datoar for møter i konsultasjonsteamet

Datoar 2024 

  • 19. februar kl 12.30 - 15.30 
  • 18. mars kl 12.30 - 15.30 
  • 15. april kl 12.30 - 15.30 
  • 13. mai kl 12.30 - 15.30 
  • 10. juni kl 12.30 - 15.30