Søkja om dispensasjon

Ynskjer du å bygga, riva eller endra noko som er i strid med lov, forskrift, kommuneplan eller reguleringsplan for eigedomen, må du søkja om dispensasjon (DOC, 114 kB)frå regelverket.

Kva er dispensasjon?

Dispensasjon er eit særskild løyve som kan verta gjeve på bakgrunn av ein skriftleg søknad, om varig eller midlertidig å kunne fråvika føresegner i plan- og bygningslova, kommuneplanar eller reguleringsplanar. Viss eit tiltak ikkje er i samsvar med plan eller lovverk, kan du søkja om dispensasjon.

Korleis kan ein søkje om dispensasjon?

Når du ynsker å gjennomføra eit tiltak i strid med plan- og bygningslova/planar, må du søkja om dispensasjon. Søknad med grunngjeving må skrivast på eige ark og leggjast ved saka. Du må i tillegg merka tydleg på nabovarselet og gjenparten av nabovarselet at det vert søkt om dispensasjon. Me oppmodar sterkt til at du tek kontakt med kommunen og ber om ein førehandskonferanse før du sender inn søknad om dispensasjon.  Etter at kommunen har gått gjennom søknaden sender me han på høyring til aktuelle offentlege mynde, som til dømes fylkesmannen, fylkeskommunen, vegvesenet, NVE med fleire.

Når kan det gjevast dispensasjon?

Dispensasjon kan berre gjevast når det føreligg grunngjeven søknad som vert handsama etter plan- og bygningslova kapittel 19. Det er kommunen som avgjer om det kan gjevast dispensasjon for tiltaket det vert søkt om. For at kommunen kan velja å gje dispensasjon må føremonene med å gje dispensasjon vera klart større enn ulempene, dette etter ei samla vurdering. I denne vurderinga skal det ikkje leggjast vekt på personlege interesser, men på fordelar og ulemper i eit samfunnsperspektiv.

Nokre døme på dispensasjonar:

  • bygga meir/tettare enn gitt utnyttingsgrad i reguleringsplan/kommuneplan
  • fråvika krav om særskilt bygningsutforming der dette går fram av føresegner til reguleringsplan/kommuneplan
  • fråvika krav om reguleringsplan der dette går fram av føresegner til kommuneplan eller plan- og bygningslova §12-1
  • fråvika arealføremålet i reguleringsplan/kommuneplan
  • bygga utanfor angitte byggegrenser i reguleringsplan/kommuneplan
  • bygga i 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag der det ikkje er sett anna byggegrense i plan, plan- og bygningslova § 1-8
  • bygga nærare veg enn byggegrensa i reguleringsplan eller veglova tilseier, jamfør veglova § 29 (Statens vegvesen har ei digital løysing for søknader)
Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)