Salsløyve

For å få lov å selja alkoholhaldig drikk mellom 2,5% og 4,7% må ein ha eit salsløyve. Det er eit krav at salsplassen har ein styrar og stedfortredar for salsløyvet som har bestått kunnskapsprøven. Heradsstyret må handsama søknad frå nye salsplassar som ikkje har hatt løyve før. 

Utvida kommunalt løyve for tilverking og sal av eige produsert drykk.

Det er høve til å søkja om eit utvida salsløyve som omfattar sal av eigen produsert drikk til sal i eiga verksemd. Då kan ein også søkja om å få selja alkoholhaldig drikk opp til 22%, men det er særskilde villkår knytt til eit slikt løyve. Mellom anna gjeld dette berre tilverking av andre gjærhaldige drikker som t.d. sider og eplevin. Det vil seia at øl ikkje er omfatta. Vidare må tilverkinga skje ved salsplassen og inngå som ein del av plassen sin heilskaplege karakter og salstilbod. Det er også eit krav at minst ein tredjedel av innsatsvarer som gjer produktet sin karakter, må vera eigenprodusert.

Skal du søkja om løyve for sal av sider over 4,7%, må du leggja ved eit vedlegg til søknaden om salsløyve, eller sende ein epost til postmottak@kvam.kommune.no.  

For meir informasjon om tilverking, ta kontakt med Nils Anders Bolstad på tlf. 56 55 30 00. Sjå også alkohollova §1-7 (e-f) og §3-1b.

Nils Anders Bolstad
Kontrollør
E-post
Telefon 99 52 51 20
Mobil 99 52 51 20