Klage på vedtak i byggesak

Kva kan du klaga på?

  • vedtak om byggeløyve eller avslag
  • vedtak om deling eller seksjonering
  • vedtak om reguleringsplan
  • vedtak om refusjon av utgifter til opparbeiding av veg
  • vedtak om retting eller opphøyr av bruk
  • vedtak om sikring og istandsetting av byggverk og installasjonar
  • vedtak om sikring av byggeplass
  • vedtak om opprydding av tomt
  • vedtak om godkjenning av avkøyrsel

Kor tid kan du klaga?

Fristen for å klaga er tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen må vera postlagd før fristen går ut.

  • Har du ikkje motteke vedtaket, er fristen tre veker frå du vart kjend med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket.
  • For planvedtak som vert offentleg kunngjort, må du levera klage seinast tre veker etter kunngjeringsdato.

Sjølv om du sender inn klage for seint, kan me i nokre tilfelle etter ei konkret vurdering handsama klagen. Sjå forvaltningslova sine føresegner om klage på vedtak etter fristen.

Kven kan levera ein klage?

Skal me handsama din klage, må du vera part i saka eller ha rettsleg klageinteresse.

  • For at du skal vera part i saka, må vedtaket retta seg direkte mot deg, eller direkte gjelda deg.
  • For at du skal ha rettsleg klageinteresse, må du ha ei tilknyting til saka. Du kan også ha ein rettsleg klageinteresse om du har ei viss tilknyting til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeining og interesseorganisasjonar kor saka råkar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg) eller økonomiske (konkurranseforhald og verdiforringing). Om du har rettsleg klageinteresse vurderar me i kart enkelt tilfelle.

Slik klager du

Klagen må vere skriftleg og leverast til oss som eit vanleg brev eller e-post.

For å handsama klagen, treng me følgjande:

  • Skriv at klagen er ein klage.
  • Skriv kva for vedtak du klagar på.
  • Skriv kva tilhøve du har til saka.
  • Skriv kvifor du klagar, skriv tydeleg korleis du ønskjer at vedtaket skal endrast.
  • Har du ny informasjon som ikkje har vore omtalt i saka, er det viktig at du leverer den.
  • Klagen må vera underskrive av deg eller din fullmektig (eks. advokat)

Viss du ber om at gjennomføring av tiltaket vert stoppa til klagen er handsama, må du leggja ved ei eiga grunngjeving for dette.

Kor sender du klagen?

Klagen skal sendast til Kvam herad per e-post til postmottak@kvam.kommune.no, eller som brev til Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund.

Saksomkostnader og erstatning

I nokre tilfelle kan du ha krav på å få dekka saksomkostnader eller motta erstatning, ta kontakt med oss for informasjon om dette.

Relevant lovverk

Kvam herad - Rådhuset
E-post
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Månd - fred  kl.0900-1500
Sommartid : kl.1000-1400  (gjeld vekene 25 - 33)