eFaktura og AvtaleGiro

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura. Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta på nets.no ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din.

Ikkje nettbank?

Dersom du ikkje har nettbank, kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong. (PDF, 188 kB)

eFaktura kombinert med AvtaleGiro

Med denne kombinasjonen får du det beste frå begge løysingane. eFaktura vert sendt ferdig utfylt til nettbanken og vert trekt automatisk på forfall. 

eFaktura 

Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt rett i nettbanken din. Du godkjenner med eit klikk. Beløp og forfallsdato kan endrast. Dersom du inngår avtale om eFaktura vert alle faktura frå Kvam herad sendt til deg som eFaktura, uavhening av kva det gjeld. 

Korleis får du eFaktura?

Sei ja takk når du får tilbod om eFaktura neste gong du betalar ei rekning til Kvam herad i nettbanken din. Ditt 6-sifra kundenummer med 00 framfor, er din eFakturareferanse. Ein annan måte å inngå avtale på, er å søkja opp Kvam herad som eFakturatilbydar i nettbanken.  Du kan når som helst seia opp avtalen i nettbanken.

AvtaleGiro 

AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av faste rekningar. Banken trekkjer automatisk beløpet frå kontoen din på forfallsdato. Det trengs ingen godkjenning. Betalinga kan ikkje endrast, men kan stoppast. 
På AvtaleGiro inngår du ein avtale per eining, dvs barnehage, pleie/omsorg, eigedomsgebyr og husleiger. Det betyr at du kan velja å ha AvtaleGiro på barnehagefakturaen, men ikkje på eigedomsgebyra. NB! Du får ikkje sjå fakturaen i nettbanken. 

Korleis får du AvtaleGiro?

Sei ja takk når du får tilbod om AvtaleGiro neste gong du betalar ei rekning til Kvam herad i nettbanken din. Du kan også søkja opp Kvam herad i nettbanken og inngå avtale. Du må leggja inn kidnr og eFakturareferanse. eFakturareferanse er lik kundenummeret ditt, som du finn på fakturaen. Kidnr finn du også på ein ny eller gamal faktura. Skal du inngå avtale på barnehage, må du bruka kidnr frå ein barnehagefaktura, for husleige frå ein husleigefaktura osv. 

Du kan når som helst seia opp avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din.

Kristi Neteland
Leiar økonomi og personal
E-post
Telefon 95 81 93 58
Mobil 95 81 93 58