Familiesenteret

Familiesenteret er eit tilbod til familiar med barn i alderen 0 - 18 år.

Her kan du ta opp uro og bekymring for barnet ditt, og få støtte og rettleiing i foreldrerolla. Familiesenteret tilbyr og samtalar til barn og ungdom som har utfordringar eller psykiske helseplagar som dei treng hjelp til å meistra. 

For barn i alderen 0-13 år blir det vurdert om individuelle samtaler er det riktige tilbodet, eller om rettleiing til deira omsorgspersonar er meir tenleg.

Me veit det kan vera lurt å snakka med nokon når ein har det vanskeleg - og at ein ikkje ventar for lenge før ein gjer det. Ofte skal det ikkje så mykje til og det kan førebyggja seinare vanskar.

På familiesenteret arbeider familieveiledarar, psykolog og utekontakt


Tilbodet ved familiesenteret er gratis.

Familiesenteret oppretter journal til alle som får hjelp. Målet med journalen er å sikra at du får fagleg forsvarleg oppfølging og at me held dokumentasjonsplikta.

Tilsette har teieplikt. Foreldre og føresette har som hovudregel innsyn i opplysningar som handlar om barnet deira.

Fv. utekontakt Siri Ann Lillevik, familierettleiar / spesialpedagog Anne Karin Laupsa Nes, familieterapeut Brynhild Eide, psykolog/leiar Anna Mo-Bjørkelund og familieterapeut Tone Flotve.     

Anna Mo-Bjørkelund
Leiar
E-post
Telefon 90 86 21 06
Mobil 90 86 21 06