Råd til foreldre

Nokre gonger treng me råd og står me i ulike dilemma i foreldrerolla vår. Me kan og har bekymringar rundt den psykiske helsa til barna våre.

Her er to nettsider det er verdt å sjå nærare på:

  1. På Bufdir( Barne- og ungdomsdirektoratet) si nettside kan kan du finne små filmar, gode og enkle råd om vanlege problemstillinger me kan stå i som foreldre. Her finn du ulike innspel som kan vere til hjelp på dei fleste område knytt til å vere foreldre både for yngre born, eldre born og ungdom. Sjå bufdir.no: Foreldrehverdag
  2. Barn og unges helseteneste er ei side utarbeidd av Helse Bergen, der du finn informasjon over dei vanlegaste psykiske helseplagene hjå born og unge. Du finn og ei oversikt over kva type hjelp ein kan få hos ulike instansar. Sjå helse-bergen.no: Barn og unges helseteneste